Meny
Lukk

Styret

Dovrefjell nasjonalparkstyre vart i 2010 delegert ansvaret som forvaltningsstyresmakt for verneområda i Dovrefjell frå Miljøverndepartementet (no Klima- og miljødepartementet). Departementet har gjeve vedtekter for styret og har oppnevnt styret etter framlegg frå kommunane. Frå 2015 er det Miljødirektoratet som nemner opp medlemene i styret. Styret fekk nye vedtekter i august 2015, revidert i januar 2020.

Medan dei fleste andre verneområde tidlegare var forvalta av fylkesmennene, hadde Dovrefjell lokal forvaltning gjennom Dovrefjellrådet og kommunane frå 2003. Lokal forvaltning har soleis fungera lenge her.

Viewpoint Snøhetta (Tverrfjellhytta) med Skredahøin, Svånåtindan, Langvasstind og Snøhetta bak. - Foto: carl.s@bjurstedt.no

Ansvaret til nasjonalparkstyret

Nasjonalparkstyret skal forvalte verneområda i samsvar med internasjonale forpliktelser, naturmangfoldlova (kap. 5) og forskriftene for kvart verneområde. Alle i styret har eit felles ansvar for ein heilskapleg forvaltning av verneområda. Hovudoppgåva til styret er å ta vare på verneverdiane og verneformåla for områda.

Nedanfor oversyn over verneområda nasjonalparkstyret har ansvar for:

- Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark
- Knutshø landskapsvernområde
- Åmotsdalen landskapsvernområde
- Dalsida landskapsvernområde
- Eikesdalsvatnet landskapsvernområde
- Åmotan-Grøvudalen landskapsvernområde
- Jora landskapsvernområde
- Fokstugu landskapsvernområde
- Torbudalen biotopvernområde
- Sandgrovbotn-Mardalsbotn biotopvernområde
Desse vart oppretta då verneplan for Dovrefjell vart vedteke i mai 2002.

I 2018 vart nasjonalparken utvida i det gamle skytefeltet ved Hjerkinn, og i tillegg eit nytt verneområde oppretta:
- Hjerkinn landskapsvernområde med biotopvern

I tillegg kjem desse eldre verneområda:
- Drivdalen/Kongsvoll/Hjerkinn LVO (3 LVO med eins forskrift)
- Flåman naturreservat
- Bjørndalen naturreservat
- Nordre Snøfjelltjønn naturreservat

- Mardalen naturreservat frå 2014, nasjonalparkstyret fekk ansvaret i 2015

Dokument til og frå oss

Dokument som blir sendt inn til eller ut fra nasjonalparkstyret vert arkivert hos Statsforvaltaren i Innlandet. Difor er postadressa til nasjonalparkstyret den same som til Statsforvaltaren, og tilsynelatande (avsender i e-post og ved elektronisk ekspedering) ser dei breva du får frå oss ut til å vere frå Statsforvaltaren.
Dette er en "teknisk feil" og når du vender deg til oss, skal du bruke dei adressene du finn under "Kontakt".

Vi er ikkje ein del av Statsforvaltarembetet. Dei er teknisk leverandør.
Forvaltarane rapporterer til nasjonalparkstyret, ikkje til Statsforvaltaren. Men vi har same adresse og sentralbord.

Statsforvaltarens arkivteneste kvalitetssikrer arkivfunksjonen og gjer alle offentlige dokument knytt til nasjonalparkstyret tilgjengeleg gjennom innsynsløysinga eInnsyn - klikk her for å komme til søk på våre dokument. (Som også her diverre ser ut som dei er frå Statsforvaltaren for dei utgåande.)