Rådgjevande utval
Forvaltning av verneområde krev samhandling mellom mange aktørar. Difor er det nemnt opp eit sokalla rådgjevande utval. Dette utvalet skal vere samansett av representantar for dei ymse interessene i området, mellom anna offentlege organ med aktivitet eller interesse i verneområda (t.d. fjellstyre), grunneigarar, næringsliv knytt til verneområdet og frivillige organisasjonar.
Utvalet skal gje råd til styret og vert òg brukt til å gje informasjon frå verneområdestyret til dei som har interesser i området. Om medlemene er aktive, kan dei bruke forumet til å gje tilbakemeldingar og fremje synspunkt på styret sin forvaltning av området. Skal utvalet fylle den funkjonen det er tenkt å ha, er det viktig at medlemene tek signal både frå styret og ut til dei de representerer, og motsett veg.
Utvalet har 15 medlemer, som fordeler seg slik om vi deler dei inn etter kven dei representerar:
• Naturvernforbundet (Møre og Romsdal, Innlandet og Trøndelag velger èn representant)
• NJFF (Møre og Romsdal, Innlandet og Trøndelag velger èn representant)
• DNT (DNT OO, KNT og Romsdal tf. velger èn representant)
• Snøhetta villreinutvalg
• Knutshø villreinutvalg
• Snøhetta og Knutshø villreinnemnd
• Statskog
• Fjellstyresambandet (velger èn representant fra tilliggende fjellstyrer)
• Lesja beitesamlag
• Folldal sau- og geitalslag
• Oppdal sau- og geitalslag
• Visit Oppdal/Visit Nordvest/Nasjonalparkriket Reiseliv (møter med to representanter, avhengig av tema)
• Statkraft
• Glommen og Laagens brukseierforening