Meny
Lukk

Prosjektside Utsiktspunkt Vettisfossen

Kvart år går mange opp for å beundre Vettisfossen, det høgaste uregulerte fossefallet i Noreg. Ved Vettisfossen har det vore ei utsiktsrampe i meir enn 100 år. Den gamle utsiktsplattforma på kanten av juvet mot Utladalen vart bygd lenge før området vart verna, og bar sterkt preg av tidas tann. Nasjonalparkstyret meinte at å fjerne det utslitne anlegget utan å erstatte det med noko nytt var uaktuelt. Etter oppdrag frå nasjonalparkstyret gjennomførte Dronninga landskap AS ein muligheitsstudie om Vettisfossen utsiktspunkt hausten 2020.

Med bakgrunn i muligheitsstudien etablerte nasjonalparkstyret eit samarbeid med Utladalen Naturhus i januar 2021 for å skifte ut den gamle utsiktsplattforma.

Sommaren 2021 vart det gjennomført eit forprosjekt, inkludert laserskanning og ei geoteknisk vurdering, som viste at stien og den gamle plattforma dels låg på eit overheng prega av sprekker og sleppesoner. Ein konkluderte difor med at stien måtte flyttast inn på trygg grunn.

Spørsmålet om ein kunne etablere eit nytt utsiktspunkt innanfor landskapsvernområdet vart nøye vurdert opp mot verneformål og verneverdiar. Det er lagt sterk vekt på at dette er eit heilt spesielt tilfelle fordi det har vore ei utsiktsplattform på staden i lang tid, faktisk så tidleg som i 1906. Målet har heile vegen vore å gjere inngrepet best mogleg tilpassa landskapet, og samstundes få det funksjonelt i høve til ferdsla ein uansett må rekne med til dette området.

Hausten 2022 er det bygd ei ny utsiktsplattform for å:

- hindre slitasje og ta vare på den gamle furuskogen av
nasjonal verdi
- ta vare på sårbart fugleliv i området
- for å lede dei besøkande trygt gjennom området på kanten av juvet.

Fornying av utsiktspunktet er viktig for å vareta tryggleiken til dei som vil sjå fossen ovanfrå.

Dokument

Sluttrapport med bilete frå prosjektet – Nytt utsiktspunkt ved Vettisfossen, Utladalen landskapsvernområde, Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen

Utsiktspunkt Vettisfossen, Presentasjon av muligheitsstudie 16. desember 2020, Dronninga Landskap AS

Utladalen landskapsvernområde – Dispensasjon – 2021 – Etablering av nytt utsiktspunkt ved Vettisfossen – Stiftinga Utladalen Naturhus

Utladalen landskapsvernområde - Utsiktsrampe ved Vettisfossen - Behov for oppgradering - Referat frå synfaring 21. juni 2019