Meny
Lukk

Styret

Nasjonalparkstyret er forvaltningsmyndigheit for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde.

Nasjonalparkstyret er representert med politikarar frå kommunane Lom, Luster, Vang, Vågå og Årdal og frå fylkeskommunane Innlandet og Vestland.

Nasjonalparkstyret skal forvalte verneområda i samsvar med internasjonale plikter, naturmangfaldlova og verneforskriftane for verneområda. Styret har ansvar for ei heilskapleg og kunnskapsbasert forvaltning av verneområda, der hovudoppgåva er ivaretaking av verneverdiane og verneføremålet. Det kan leggjast til rette for verdiskaping knytt til verneområda, under føresetnad av at bruken ikkje går ut over verneverdiane.

Det er tilsett to nasjonalparkforvaltarar som sekretariat for styret. Desse har kontorplass ved forvaltningsknutepunkta Norsk Fjellsenter i Lom og Luster Rådhus i Gaupne.

Nasjonalparkstyret på synfaring i Utladalen 2019