Meny
Lukk

Forvaltningsplan

Ein forvaltningsplan skal utdjupe og presisere dei einskilde verneforskriftene. Nasjonalparkstyret er ansvarleg for utarbeiding av forvaltningsplanen. Planen er eit praktisk hjelpemiddel som skal sikre ei heilskapleg forvaltning. Planen vil gje konkrete føringar for forvaltninga - gjennom bevaringsmål, retningsliner for bruk, informasjon, skjøtsel og tilrettelegging. Forvaltningsplanen skal bidra til å oppretthalde og fremje naturverdiane i verneområdet. Første forvaltningsplanen vart godkjend i 1998.

Forvaltningsplanen kan ikkje innehalde retningsliner eller tiltak som er i strid med verneforskriftene. I ein del tilfelle vil det vere behov for skjøtselstiltak for å ta vare på naturkvaliteter i tråd med verneformålet. Framlegg til forvaltningsplan og reviderte verneforskrifter basert på høyring i 2007 vart oversendt direktoratet for godkjenning i 2008. Reviderte verneforskrifter vart vedtekne av Kongen i statsråd 14.11.2014. Fordi det tok svært lang tid før revisjonen av forskriftene vart sluttbehandla, vart enkelte av føresetnadene endra, m.a. gjennom vedtak av naturmangfaldlova. I 2015 vart det derfor bestemt å starte ny prosess for revisjon av planen. Utkastet frå 2008 ligg til grunn for dagens forvaltning og er utgangspunktet for den pågåande revisjonsprosessen.

Last ned forvaltningsplan
File icon PDF