Meny
Lukk

Jotunheimen og Utladalen

Jotunheimen nasjonalpark vart verna 05. desember 1980, saman med Utladalen landskapsvernområde. Du finn lenker til faktaark på menyen over.

Her finn du dei aller dei høgaste fjella i landet, og Jotunheimen har svært lange tradisjonar for tradisjonelt friluftsliv med fotturar, tinderangling, jakt og fiske. Delar av verneområdet er utan særlege tyngre tekniske inngrep og er definert som vernesoner i forvaltningsplanen. Område nærare tekniske anlegg som vegar og turisthytter opnar for meir bruk, i form av turisthtter med eit nett av merka stigar og løyper.

Landskapsvernområdet ligg på vestsida av Jotunheimen nasjonalpark, i kommunane Årdal og Luster. Den markante Utaladalen med sidedalane Skogadalen, Uradalen og Fleskedalen i aust og Stølsmaradalen og Gravdalen i vest viser det karakteristiske vestlandslandskapet med frodig vegetasjon i dalbotnen og steile fjellsider opp mot det karrige høgsjellet. Kjende turistattraksjonar som Vettisfossen, Skogadalsbøen, Avdalen,Vetti og Naturhuset er sentrale i verneområdet.

Nasjonalparken ligg i fem kommunar i to fylke; Luster og Årdal i Vestland og Lom, Vågå og Vang i Innlandet. Nasjonalparken er på 1151 km2 og er i hovudsak over skoggrensa. landskapsverneområdet dekkjer eit areal på ca. 314 km². Forskriftene vart revidert 14.11.14.

§

Verneforskrifta set ramma for kva som er lov og ikkje lov å gjere i verneområdet. Nokre aktivitetar og tiltak krev løyve frå forvaltingstyresmakta. Alle verneområde har si eiga verneforskrift som har som føremål å ta vare på verneverdiane.

Vi anbefaler å lese forskrifta før du søker: