Meny
Lukk

Organisert ferdsel, guiding eller arrangement

Organisert ferdsel

Organisert ferdsel vert definert som:
Ferdsel der ein (person, lag, skuleklasse, firma el. likn.) planlegg, koordinerer eller gjennomfører tur og det gjeld ferdsel med grupper av deltakarar, ein aktivitet som vert gjenteken, eller der aktiviteten er kunngjort eller marknadsført på førehand. Dette omfattar mellom anna utsetting av postar for turorientering, topptrim, jaktprøver, jaktguiding, idrettsarrangement, større teltleirar over tid, organisert trening i store grupper og klatring i større grupper med fjellførar.

Utgangspunktet er at all ferdsel til fots, også organisert ferdsel er tillate i verneområda. I nasjonalparken er det likevel mogleg å regulere ferdsel som kan skade naturmiljøet. Bakgrunnen for denne regelen er at ferdsel i nokre tilfelle kan medføre stor slitasje eller at det kan forstyrre villrein og anna dyreliv, spesielt rovfugl og andre fugleartar som er sårbare for forstyrring i hekketida. Eit eksempel kan vere store teltleirar som vert lagt til same plass fleire gonger kvart år eller gjentekne turar til same mål gjennom fleire sesongar. Det vil vanlegvis ikkje vere aktuelt å stoppe ferdsla, men ein ønskjer å få ein dialog mellom nasjonalparkforvaltar og arrangørar av turar. Ein kan då bli samde om vilkår for å styre aktiviteten dersom det er naudsynt for å hindre skade, samt å ha ein oversikt over omfanget.

Meir informasjon finn du på side 67 og utover i forvaltningsplanen eller ta kontakt med oss.

Organisert ferdsel: Grotter

Grottene i Dumdalen er svært sårbare for skade og øydelegging. Vanleg ferdsel til fots i samsvar med friluftslova er tillate men organisert turverksemd til fots er vurdert å kunne skade verdiane i desse grottene, og det tyder at nasjonalparkforskrifta § 3 pkt. 5.2 gjeld. Det vil seie at all organisert ferdsel til dei fleste grottene må søkjast om, og krev løyve frå nasjonalparkstyret, jf. retningslinene på side 72-73 i forvaltningsplanen.

Organisert ferdsel: Telting

Utgangspunktet er at bruk av vanleg vandretelt er tillate i nasjonalparken og landskapsvernområda. Når det gjeld telting gjeld elles reglane som er lista opp i forvaltningsplanen på side 74-75.

Merk at telting ut over ei veke på same stad treng særskilt løyve frå nasjonalparkstyret i nasjonalparken og i landskapsvernområda. Dette gjeld ikkje vanlege vandretelt, men t.d. lavvo som er større enn vandretelt. Lavvo større enn vanleg vandretelt vert ikkje rekna som vanleg vandretelt. Utover dette gjeld reglane i friluftslova. Telt som blir ståande ut over tre veker for bruk i samband med fjellføring av turistar o.l. vert rekna som eit mellombels inngrep (jf. verneforskriftene § 3 pkt. 1.1), og må ha særskilt løyve.