Meny
Lukk

Motorferdsel i utmark

Ved søknad om løyve til motorisert ferdsel gjeld følgjande:
■ Søknad må sendast i god tid før køyring skal finne stad. Ein må rekne med ei sakshandsamingstid på minimum tre veker.
■ Det er viktig å skjerme søndagar, heilagdagar og andre utfartsdagar (t.d. påska) for motorisert ferdsel av omsyn til friluftslivet.
■ Så langt det er mogleg skal motorferdsel med snøskuter i verneområda skje gjennom leigekøyringsordninga. Private hytteeigarar skal nytte leigekøyrar.
■ Ved behov for motorferdsel knytt til næring, kan det gjevast løyve til sanke- og beitelag der det er mest føremålstenleg.
■ Sluttdato for bruk av snøskuter i alle område er 20. april.
■ Nasjonalparkstyret kan inndra løyve dersom vilkår vert brotne eller omsyn til naturmiljøet tilseier det, jf. naturmangfaldlova § 67 bokstav e).
■ Søkjar/tiltakshavar må innhente naudsynt løyve til motorferdsel frå grunneigar og kommunen i medhald av motorferdsellova.


Søknad om løyve skal vere skriftleg og må gjere greie for:
■ Føremålet med transporten
■ Kva som skal transporterast
■ Tal turar det er behov for
■ Kva tid transporten er planlagt gjennomført
■ Skildre eventuelt særskilde forhold
■ Kven som skal køyre
■ Registreringsnummer på motorkøyrety
■ Kva utstyr som skal nyttast
■ Køyretraseen skal merkast på kart vedlagt søknaden
■ Søknad skal sendast i god tid før køyringa skal finne stad


Det er mogleg å sende inn søknad via Statsforvaltaren sin søknadsportal her: https://skjema.no/sf/motorferd...