Meny
Lukk

Bygningar - utviding eller ombygging

Etter søknad kan det gjevast løyve til ombygging og mindre utviding av bygningar i nasjonalparken og innanfor landskapsvernområda.

Det skal førast ein streng praksis ved handsaming av søknader om ombygging og utviding av bygningar både i nasjonalparken og i landskapsvernområda. Endring av bygningen sin karakter skal vurderast som ombygging. Dette gjeld tiltak som inneber andre materialar og/ eller dimensjonar og utsjånad for ytterpanel, dører og vindauge, pipeløp og taktekking. Likeins vert det rekna som ombygging dersom det blir gjort synlege konstruksjonsendringar, som til dømes endra takvinkel. Slike tiltak krev løyve.

Det vil kunne gjevast løyve til ombygging og utviding av bygningar innanfor følgjande rammer:

I nasjonalparken:
- totalt bygningsareal på fritidsbustader i nasjonalparken skal ikkje vere større enn 20 m2.

I tillegg gjeld følgjande rammer både i nasjonalparken og i landskapsvernområda:
- det kan gjevast løyve til mindre tilbygg som utgjer inntil 30 % av grunnflata på eksisterande bygg, og som ikkje er større enn 10 m2.
- små fiskebuer/beitebuer/hytter skal ikkje overstige 12 m2.
- største samla bygningsareal per tomt for fritidsbustader er 75m2. I dette inngår også eksisterande uthus og anneks, maks tre bygningar.

Utover det som er nemnt ovanfor gjeld også følgjande rammer landskapsvernområda:
- det vil kunne gjevast løyve til tilbygg og/eller ombygging av eksisterande bygningar knytt til landbruksverksemd på stølane/setrene.
- for driftsbygningar/fjøsar skal arealet tilpassast etter driftsmessige behov.
- totalt bygningsareal på stølshus/seterhus/hytter i landskapsvernområda skal ikkje vere større enn 40 m2.

Det vil ikkje automatisk bli gjeve løyve til eit så stort bygningsareal som angjeve i tilfella ovanfor. Det skal i alle tilfelle takast omsyn til landskapet, storleiken på eksisterande bygning og tradisjonell byggeskikk på staden ved vurdering av søknader om utviding. Siktemålet med regelen er å gje høve til tilbygg som er naudsynt for oppbevaring av utstyr og liknande etter bygningen sitt noverande bruksføremål og bruksomfang. Naust vert handsama som eigne saker.

Bygging av terrasse, veranda og platting er ikkje i samsvar med lokal, tradisjonell byggjeskikk og vil ikkje vere tillate.


Søknad om utviding eller ombygging
Ved søknad om byggjeløyve bør ein først kontakte forvaltingsmyndigheita om det planlagde tiltaket. Så sendast søknaden til både forvaltingsmyndigheita, kommunen og grunneigar (fjellstyret på statsgrunn). Nasjonalparkstyret hentar evt. inn uttale frå kulturminnestyresmaktene.

Ved søknad om byggeløyve må tiltakshavar:
■ dokumentere behov og bruksføremål, t.d. med driftsplan eller liknande. Bruksføremålet skal ikkje kome i strid med verneføremålet.
■ opplyse om aktuell plassering på kart.
■ legge ved foto av eksisterand bygning og teikning med detaljerte mål av tilbygg.