Meny
Lukk

Bygningar - nye bygningar

Etter søknad kan det gjevast løyve til oppføring av nye bygningar i landbruket i Vigdalen-, Mørkridsdalen-, Mysubytta og Høydalen landskapsvernområde.

Det vil vere ein svært høg terskel for å føre opp nye bygningar i nasjonalparken. Slike saker må difor vurderast nøye av omsyn til verneverdiane som landskap og sårbart dyreliv, og det skal gjerast ei landbruksfagleg vurdering av behovet.

I landskapsvernområda i Luster kan det gjevast løyve til oppføring av nye bygningar som er naudsynte til jordbruksføremål i stølsområde der det er bygningar frå før. Ved vurdering av slike søknader skal det leggjast vekt på om det er eit naudsynt behov knytt til jordbruksdrifta. På stølsvollar med mange sel kan eit felles toalett (gamaldass) vere ei god løysing (Mørkridsdalen- og Vigdalen landskapsvernområde).

I Mysubytta- og Høydalen landskapsvernområde følgjer det av forskriftene at eventuelle nye bygningar skal vere naudsynte til jordbruksføremål og vere knytte til spesifikt nemnde seterområde; Mysubytta og Røykjeskålsli, og Søre Høydalen og Nordre Høydalen.

Ved handsaming av søknader om oppføring av nye naudsynte bygningar i samband med jordbruks- og støls-/ seterføremål i landskapsvernområda, vil det reelle behovet for bygningen bli vektlagt. Det vil bli vurdert om funksjonen til den nye bygningen kan dekkast av andre hus på stølen/setra, eller om eksisterande bygningar kan endrast slik at behovet kan dekkast.

Ved evt. oppføring av nye bygningar skal ein ta omsyn til struktur og storleik på dei bygningane som er på stølen/ setra. Tradisjon med omsyn til plassering i terrenget, form og materialbruk er viktig å vidareføre, til dømes type panel, takutstikk, tekking og farge. Terrenginngrep må minimaliserast.

Nye hus bør ha eit uttrykk/utforming som viser når dei er oppført, men bør underordna seg heilskapen i miljøet, jamfør punktet over.

Plassering av nye landbruksbygg skal søkast lagt til stølsvollen/setertunet. Om ei slik plassering ikkje let seg forene med spesielle omsyn knytt til bygningsmiljøet, landskapsmessige omsyn eller omsyn til andre verneverdiar (som biologisk mangfald), skal annan plassering vurderast.

Etter plan- og bygningslova er flytting av ein gamal bygning å betrakta som eit nybygg, og slike tilfelle må handsamast deretter i verneforskrifta. Dårlege grunnforhold er eit eksempel på grunnlag for flytting av eit bygg (jf. kap. 3.5.5).

I Strynefjellet landskapsvernområde og Høyrokampen naturreservat kan det ikkje førast opp nye bygningar i samband med landbruk.


Søknad om utviding eller ombygging
Ved søknad om byggjeløyve bør ein først kontakte forvaltingsmyndigheita om det planlagde tiltaket. Så sendast søknaden til både forvaltingsmyndigheita, kommunen og grunneigar (fjellstyret på statsgrunn). Nasjonalparkstyret hentar evt. inn uttale frå kulturminnestyresmaktene.

Ved søknad om byggeløyve må tiltakshavar:
■ dokumentere behov og bruksføremål, t.d. med driftsplan eller liknande. Bruksføremålet skal ikkje kome i strid med verneføremålet.
■ opplyse om aktuell plassering på kart.
■ legge ved detaljert teikning med mål av bygning.