Meny
Lukk

Bygningar - vedlikehald

Vedlikehald av bygninger i verneområda

Vedlikehald av eksisterande bygningar og anlegg er heimla direkte i verneforskriftene, og krev ikkje særskild løyve i verneområda. Vanleg vedlikehald må ikkje endre storleik og eksteriør på bygningen.

Med vedlikehald meiner ein bygningsarbeid som ikkje fører til ombygging eller utvidingar. Dette omfattar normalt vedlikehald og utskifting av dårlege materialar eller forsterkingar. Ein meiner alt av innvendig vedlikehald, og utvendig vedlikehald som gjeld utskifting av material og/eller utstyr med nytt av same type og dimensjon, til dømes dører eller vindauge. Eit anna døme på slikt vedlikehald er når kledningsbord blir skifta ut med nye bord i same dimensjon. Betre isolering fell innanfor definisjonen av vedlikehald.

Vedlikehaldet skal ikkje føre til at bygningane endrar fasade eller karakter. Dette inneber at tilbygg, utvendig ombygging, utviding eller endring av storleik, utsjånad eller funksjon ikkje vert rekna som vedlikehald, og slike tiltak krev løyve etter søknad til nasjonalparkstyret.

Når berande konstruksjonar vert skifta ut og når bygningane står fram som i det vesentlege fornya, jf. plan- og bygningslova § 87, er det ikkje lenger snakk om vedlikehald, men ei ombygging. Innvendig ombygging som ikkje endrar bruken av bygningen er tillate.

Arbeid som vert gjort med sikte på bruksendring i nasjonalparken krev løyve etter verneforskrifta. Utgangspunktet er at ei eventuell bruksendring ikkje må føre til auka behov for motorferdsle i samband med bruk av bygningen, eller på anna vis vere i strid med verneføremålet.