Meny
Lukk
Ta vare på eit spesielt myr- og våtmarksområde og eit svært viktig leveområde for sjeldne og sårbare plante- og fugleartar. Vidare er føremålet med naturreservatet å ta vare på eit område med særleg verdi for biologisk mangfald i form av naturtypar, økosystem, plante- og dyreartar og naturlege økologiske prosessar. Naturreservatet er stort og variert og har spesielle naturtypar som rikmyrar, kjelder og meandrerande elveparti i tillegg til beitepåverka vegetasjon og spesielle myrutformingar. Området har eit stort mangfald av artar med eit rikt og særprega fugleliv. Naturreservatet har og stor pedagogisk og vitskapeleg tyding.