Utlysing av oppdrag - tilbod - Utbetring av Besseggen-stien
27.03.2026
Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen ber om pristilbod på oppdrag om utbetring av Besseggen-stien i lia ovafor Memurubu. Frist: 22.04.2026 kl. 12:00
Nasjonalparkstyret for Jotunheimen / Utladalen 2024-27
14.11.2024
Nesten heile styret var samla på Bessheim i september. Vi mangla berre representanten frå Innlandet fylkeskommune, der både den faste og vararepresentanten måtte melde forfall.
Ny SNO-medarbeidar i Jotunheimen frå 1. mars
05.06.2024
Stein Windingstad frå Øystre Slidre vart tilsett i stillinga som SNO-medarbeidar for Jotunheimen og Utladalen frå 1. mars i år.
Han tok over etter Rigmor Solem, som pensjonerte seg ved årsskiftet.
Kompetansedagar for verneområdestyra - Lillehammer 14.-15.03.2024
22.03.2024
Vel 80 styremedlemmer, forvaltarar og SNO knytt til dei store verneområda i Innlandet var samla til kompetansedagar på Lillehammer 14.-15. mars. Statsforvaltar Knut Storberget ønskte velkomen til to dagar tettpakka med informasjon.
- om kva arbeidet i nasjonalparkstyra gjekk ut på, og
- om rollene til dei ulike aktørane i forvaltninga.
Vi fekk også inspirerande innlegg om verdien av å ta vare på naturen frå Morten Aas i FNF-Innlandet, Christian Steel frå SABIMA og Vegard Gundersen i NINA.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen sende videohelsing, og Statssekretær Kjersti Bjørnstad i KLD møtte personleg opp og snakka om Naturavtalen og arbeidet med handlingsplanar for villrein.
Alle presentajonane kan du lesa her: Nasjonalparkstyre | Kompetansedager 2024 - kopi av presentasjoner
Spørsmål om pristilbod - Utbetring av Besseggen-stien etter uværet "Hans"
15.09.2023
Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen ber om pristilbod på oppdrag om utbetring av Besseggen-stien opp frå Gjendeosen/Gjendesheim. Frist: 26.09.2023 kl. 12:00
Avduking av ny sikteskive på Sognefjellet.
23.06.2023
Nasjonalparkstyret inviterer til avduking av ny sikteskive ved Utkikkspunkt Sognefjellet måndag 3. juli kl. 16.00. Vi har fått reiselivssjef Mari A. Wedum i Visit Jotunheimen til å stå for avdukinga.Her kan du sikte deg fram til namna på dei mange toppane du ser frå den vesle utsiktstoppen sør for Fantesteinvatnet.
Alle er velkomne! Sjå program