Meny
Lukk

Kompetansedagar for verneområdestyra - Lillehammer 14.-15.03.2024

Vel 80 styremedlemmer, forvaltarar og SNO knytt til dei store verneområda i Innlandet var samla til kompetansedagar på Lillehammer 14.-15. mars. Statsforvaltar Knut Storberget ønskte velkomen til to dagar tettpakka med informasjon.

- om kva arbeidet i nasjonalparkstyra gjekk ut på, og

- om rollene til dei ulike aktørane i forvaltninga.

Vi fekk også inspirerande innlegg om verdien av å ta vare på naturen frå Morten Aas i FNF-Innlandet, Christian Steel frå SABIMA og Vegard Gundersen i NINA.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen sende videohelsing, og Statssekretær Kjersti Bjørnstad i KLD møtte personleg opp og snakka om Naturavtalen og arbeidet med handlingsplanar for villrein.

Alle presentajonane kan du lesa her: Nasjonalparkstyre | Kompetansedager 2024 - kopi av presentasjoner