Dette er nettsida til Breheimen nasjonalparkstyre. Her finn du informasjon om forvaltninga av verneområda i Breheimen. Under dei ulike menyane finn du relevant informasjon.
Moglegheitsstudie og forprosjekt for innfallsporten Skjolden-Mørkridsdalen er på høyring - Frist for å koma med innspel: 1 November 2026
15.06.2026
Moglegheitsstudien og forprosjektet for innfallsporten Skjolden-Mørkridsdalen er nå lagt ut på høyring.
Me ynskjer tilbakemelding på forslaga som er kome innan 1 november 2026.
Du finn dokumenta under publikasjonar og så under høyring/innspel.
Basiskartlegging for Høyrokampen og delar av Høydalen er gjennomført!
06.03.2024
Basiskartlegging av natur i Høyrokampen naturreservat og delar av Høydalen landskapsvernområde er gjennomført i 2023 og no har det kome inn på digitale kartløysingar!
Du kan nå gå inn på naturbase.no : Naturbase kart (miljodirektoratet.no)
Klikk på kartlag til venstre på sida
Klikk på kartlaget «Naturvernområder»
Klikk på Natur i verneområde (NiN)
Klikk på kartet og zoom inn på Høyrokampen og Høydalen.
Klikk på eit område av interesse så får du opp meir informasjon om områda
Dersom du ynskjer å lese rapporten som er skriven frå basiskartlegginga så kan du gå inn på publikasjoner, deretter fagrapporter og så ligg rapporten under botanikk
Besøksstrategien er godkjent av nasjonalparkstyret.
29.01.2024
I styremøte den 24.11.2023 gjorde Breheimen nasjonalparkstyre vedtak i saka om besøkstrategien for Breheimen.