«Jøtunheimen» døypte Aasmund Olavsson Vinje fjella her i 1862, inspirert av det ville landskapet og norrøn mytologi. Jotnane – trolla – har heimen sin her. Jøtunheimen vart seinare til Jotunheimen, det namnet vi brukar i dag på dette mektige området med dei høgaste fjella i Nord-Europa.
Veke 6 var det dugnad for å ta vare på eventyrtrea, såkalla styvingstre, i Utladalen. Styvingstrea er flotte å sjå på, dei vitnar om lang kulturhistore, og kan huse både trua og sårbare artar av sopp, lav, insekt og fugl.
I anledning 40-års jubileet for Jotunheimen inviterte nasjonalparkstyret til konkurranse. Vi har no kåra topp tre i konkurransen.
Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde vart oppretta den 5. desember 1980. Her finn du nokon av dei høgste, villaste og vakraste fjella i Noreg, verdifulle planter og dyr, eit mangfald kulturminne, særprega kulturlandskap og den djupaste dalen i Nord-Europa. Arbeidet med å verne Jotunheimen er ei av dei eldste og mest sentrale sakene i naturvernhistoria i Noreg, og det ...
Nasjonalparkstyret har i møte 30. november vedteke å innføre ordninga med bruk av nasjonalparklogoen for Jotunheimen som kommersielt merke for bedrifter som oppfyller kriteria for ordninga fastsett av Miljødirektoratet. I tillegg gjeld kriteria fastsett for verneområda Jotunheimen og Utladalen. For å kunne søkje på ordninga må bedrifta ha forretningsadresse i ein av kommunane med areal innan ...
I 2019 gjennomførte vi brukarundersøking ved dei mest brukte innfallsportane til Jotunheimen og Utladalen. Dette er fjerde brukarundersøkinga for Jotunheimen, og i den nye rapporten Jotunheimen 1992-2019 kan vi sjå utviklinga over ein periode på nesten 20 år. Forfattar er Marit Vorkinn, som også har hatt ansvar for dei tidlegare brukarrapportane for Jotunheimen.
Fylkesmannen i Innlandet v/ Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen ber om pristilbod på stirestaurering i Jotunheimen nasjonalpark for sommaren 2020. Leverandøren må ha spesialkompetanse på stirestaurering ved bruk av stadeigen stein. For fullstendig utlysing, sjå Konkurransegrunnlag som kan lastast ned som pdf. NB! Eventuelle restriksjonar på reiser og opphald som følger av ...
Nasjonalparkstyre for Jotunheimen og Utladalen | Postboks 987, 2626 Lillehammer | E-post: fmoppost@fylkesmannen.no
Nettredaktør Magnus Snøtun