Kan eg fly drone i Dovrefjell?

Du kan ikkje fly drone i

  • Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark
  • Hjerkinn landskapsvernområde med biotopvern, heller ikkje i
  • naturreservata Nordre Snøfjellstjørn og Fokstumyra.

I dei andre verneområda er det berre reglane i luftfartslovgivinga, og kravet i naturmangfaldlova om å vise omsyn til dyr og planter som regulerer flyging med dronar.

Dronar kan ta flotte bilete frå lufta av folk på tur, interessante objekt og av landskap. Men dronar skaper også uro og irritasjon blant folk som er på tur for å oppleve naturens eigne lyder. Og korleis verker ein surrande drone på ein hekkande fugl eller ein reinsflokk?

Forbode i nasjonalparken, Hjerkinn LVO m. BV og to naturreservat, lov elles

I nasjonalparken og Hjerkinn LVO m. BV er bruk av modellfly (og-båtar) forbode og drone reknast her som modellfly. Merk at Viewpoint Snøhetta og siste 500 m av stien dit ligg her.

I eit naturreservat som Fokstumyra eller Nordre Snøfjelltjørn, der hekkeplassar for fugl er et formål med vernet, er det naturleg nok ikkje høve til verken modellbåtar eller modellfly, eller liknande som kan uroe fugl. I kvartærgeologiske naturreservat som Flåman eller Bjørndalen eller botaniske som Mardalen, er det ikkje spesielle restriksjonar. Det same gjeld landskapsvern- og biotopvernområda.

Ta omsyn!

Droneteknologien er ny, og snart allemannseige. Regelverket heng etter den teknologiske utviklinga. Er det lov å fly drone i eit verneområde? Svaret på det avhenger av den enkelte verneforskrift og kva som er føremålet med vernet på den enkelte stad, altså kva verneområde det er snakk om.

Droneflyging er ikkje definert som motorferdsel sjølv om luftfartslovverket definerer det som flyging, fordi dronen ikkje frakter ein person. Dronen kan likevel skape tilsvarande uro. Både naturmangfaldlova og verneforskriftene seier at all aktivitet skal være omsynsfull og varsam slik at ein ikkje skader natur- og kulturverdiar, uroar vilt eller er til ulempe for andre.

Vi oppmodar likevel alle som har planer om å nytte drone til filming i verneområda om å ta generelt omsyn til dyreliv og folk på tur. Hekkande fugl kan bli skremd av reiret, og rovfugl kan og angripe ein drone – det kan fort gå gale med både drone og fugl. Både villrein og moskus kan bli skremde.

Nasjonalparkstyret har vore restriktive på droneflyging, slik at nasjonalparken framleis skal være eit område for ro og rekreasjon. Styret kan likevel handsame søknader om dispensasjon i særskilte tilfelle, der flyginga ikkje er i strid med føremålet med vernet.

Drone eller helikopter

Det skapar mindre uro å nytte drone til å filme enn å bruke helikopter. Produksjon av naturfilm og naturinformasjon har nokre gangar fått løyve til bruk av helikopter. Då har nasjonalparkstyret ofte stilt vilkår om at nasjonalparken/verneverdiane skal komme godt fram i det ferdige filmproduktet og at ein ikkje skal filme uønskte aktivitetar. Det vert alltid stilt vilkår om at den motoriserte ferdsla ikkje skal synast fram på filmen. Styret har også gitt løyve til motorisert ferdsel i samband med filming av enkeltområde som destinasjon, for marknadsføring av reiselivet lokalt. I slike tilfelle kan bruk av drone ha mindre påverknad enn alternativet med helikopter. Ved slike høve må nasjonalparkstyret vurdere aktiviteten etter den generelle dispensasjonsheimelen, og vurdere om det potensielt kan komme «100 søknader til» om det same. 

Ta kontakt!

Ta kontakt med nasjonalparkforvaltninga om du er usikker på regelverket. Vi kan rettleie! Nasjonalparkstyret har møte om lag to gonger i halvåret, og vil du søkje om dispensasjon er det viktig å være tidleg nok ute med søknaden. På framsida finn du møteplan og kontsktinformasjon.

Kom gjerne og opplev naturen i Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, ta med vener og kjente! Naturen er framleis best «live».

Snøhetta - dobbelt forbod!

Her har også Nasjonal sikkerhetsmynde (NSM) lagt ned forbod mot fotografering frå drone, etter ei forskrift som gjeld frå 1.9.2018. Sjå kart over desse forbodsområda...

 

Teksten over er i hovudsak lånt frå Jostedalsbreen nasjonalpark.

(Publisert:21.02.2018 Sist endret:27.08.2018)