Bruk av drone
Dronar kan ta flotte bilete frå lufta av folk på tur, interessante objekt og av landskap. Men dronar skaper også uro og irritasjon blant folk som er på tur for å oppleve naturens eigne lyder. Og korleis verker ein surrande drone på ein hekkande fugl eller ein reinsflokk?
Du kan ikkje fly drone i
Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark eller
Hjerkinn landskapsvernområde med biotopvern, heller ikkje i
naturreservata Nordre Snøfjelltjørn (og Fokstumyra).
I dei andre verneområda er det berre reglane i luftfartslovgivinga, og kravet i naturmangfaldlova om å vise omsyn til dyr og planter som regulerer flyging med dronar.
Kart som viser hvor det er tillatt og ikke finnes her. Kartet er klikkbart.
Ta omsyn!
Droneteknologien er ny, og snart allemannseige. Regelverket heng etter den teknologiske utviklinga. Er det lov å fly drone i eit verneområde? Svaret på det avhenger av den enkelte verneforskrift og kva som er føremålet med vernet på den enkelte stad, altså kva verneområde det er snakk om. Nokre nyare forskrifter har eksplisitt forbod - elles er drone omfatta av forbod mot modellfly det slike er forbode.
Droneflyging er ikkje definert som motorferdsel sjølv om luftfartslovverket definerer det som flyging, fordi dronen ikkje frakter ein person. Dronen kan likevel skape tilsvarande uro. Både naturmangfaldlova og verneforskriftene seier at all aktivitet skal være omsynsfull og varsam slik at ein ikkje skader natur- og kulturverdiar, uroar vilt eller er til ulempe for andre.
Nasjonalparkstyret har vore restriktive på droneflyging, slik at nasjonalparken framleis skal være eit område for ro og rekreasjon. Styret kan likevel handsame søknader om dispensasjon i særskilte tilfelle, se retningslinene.
Drone eller helikopter
Det skapar mindre uro å nytte drone til å filme enn å bruke helikopter. Produksjon av naturfilm og naturinformasjon har nokre gangar fått løyve til bruk av helikopter. Då har nasjonalparkstyret ofte stilt vilkår om at nasjonalparken/verneverdiane skal komme godt fram i det ferdige filmproduktet og at ein ikkje skal filme uønskte aktivitetar.
Retningsliner - ta kontakt!
Her finn du retningsliner for korleis vi handsamer søknader for forskjellige formål. Som du ser vil flyging for personleg bruk, reklame og liknande ikkje få løyve.
Ta kontakt med nasjonalparkforvaltninga om du er usikker på regelverket. Vi kan rettleie! Nasjonalparkstyret har møte om lag to gonger i halvåret, og vil du søkje om dispensasjon er det viktig å være tidleg nok ute med søknaden. På framsida finn du møteplan og kontaktinformasjon.
Snøhetta - dobbelt forbod!
Her har også Nasjonal sikkerhetsmynde (NSM) lagt ned forbod mot fotografering frå drone, etter ei forskrift som gjeld frå 1.9.2018.