Statens naturoppsyn i Breheimen. Foto: Eldrid NedreloVillrein Foto: P.O.HaugenRåsane i Mørkridsdalen Foto: Liv Byrkjeland - SNOMårådalen mot Raudegga Foto: Bjørn DalenRennande vatn i Mørkridsdalen. Foto: Eldrid Nedrelo

Breheimen

- frå evig is til frodige stølsdalar

I Breheimen finn ein både nokre av dei mest nedbørsrike og dei mest nedbørsfattige områda i landet. Verneområdet går frå det meir oseaniske klimaet i vest, over Langfjella, til det typiske kontinentale på austsida. Området strekkjer seg frå kring 100 moh. ved starten av Mørkridsdalen til toppen av Store Hestbrepigg på 2172 moh. Landskapet har blitt forma av isbrear, skred og andre geologiske prosessar gjennom hundretusener av år.

I dag finn ein alt ifrå frodige stølsdalar til karrig høgfjell og isbrear, og Breheimen framstår som ein av dei mest varierte nasjonalparkane våre. Her er eit breidt spekter av naturopplevingar, landskapsopplevingar og friluftsopplevingar.

Sjå eit utval av bilete i biletgalleriet.


Abonner på nyhende frå nasjonalparkstyret: Klikk her

 


Nyhende

Høyring - Skjøtselsplan for Mysubytta landskapsvernområde

Kyr på beite i setergrenda på Mysubytta.

Skjøtselsplan for Mysubytta landskapsvernområde er på høyring i perioden 22. mai - 1. august 2017. Alle som har interesser i området eller som har meiningar om planforslaget er velkomne til å uttale seg. Føremålet med skjøtselsplanen er å gi råd både om naudsynte restaureringstiltak og om skjøtselstiltak som bør kome etterpå.

(Publisert:18.05.2017 Sist endret:24.05.2017)

Høyring - Skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde

Slått på Knivabakkgjerdet, Mørkridsdalen.

Skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde er på høyring i perioden 19. mai - 1. august 2017. Alle som har interesser i området eller som har meiningar om planforslaget er velkomne til å uttale seg. Føremålet med skjøtselsplanen er å gi råd både om naudsynte restaureringstiltak og om skjøtselstiltak som bør kome etterpå.

(Publisert:18.05.2017 Sist endret:24.05.2017)

Styreseminar om besøksforvaltning

  Nasjonalparkstyra for Breheimen, Jostedalsbreen og Jotunheimen inviterer til felles samling for å arbeide med temaet besøksforvaltning. Aktuelle spørsmål vi skal jobbe med er kven som besøker områda våre, og korleis kan vi tilpasse informasjonen til dei ulike brukargruppene.

(Publisert:28.03.2017 Sist endret:24.05.2017)

Referat frå ope møte - Framlegg til Skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde

Kyr på Dalen

Torsdag 30. mars var det ope møte om Utkast til Skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde på Fjordstova i Skjolden.  Det var mange frammøtte, og grunneigarane viste igjen stort engasjement i dette viktige arbeidet.

(Publisert:07.04.2017 Sist endret:24.05.2017)

Ope møte - Skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde

Oversikt Mørkridsdalen

  Norsk institutt for bioøkonomi har utarbeidd framlegg til skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde etter oppdrag frå Breheimen nasjonalparkstyre. Vi inviterer alle interesserte til ope møte:Torsdag 30. mars kl. 19.00 i biblioteket på Fjordstova i Skjolden. 

(Publisert:17.03.2017 Sist endret:24.05.2017)

Vis omsyn til villrein i vinterfjellet!

Frå teljing av villrein i Breheimen.

Breheimen nasjonalparkstyre oppmodar om at folk som er på tur i Breheimen held god avstand til villreinen, både einskilde individ og flokkar, og at ein held hunden i band når ein ferdast i villreinterreng slik at dyra ikkje vert uroa. Ein bør vere særleg merksam om ein ferdast i området frå Djupvatnet/Oppljostunnelen, sørover inn på Langvassegga, og frå Grotli mot Skridulaupområdet. 

(Publisert:31.01.2017 Sist endret:24.05.2017)
Vis nyhetsarkiv