Foto: Anne Rudsengen / SNO

Velkomen til nettsida til Jostedalsbreen nasjonalparkstyre. Her finn du informasjon om verneområdet, om nasjonalparkstyret og om forvaltninga.
Under dei ulike menyane finn du relevant informasjon om forvaltninga av verneområdet.

Opning av nytt utsiktspunkt ved Bøyabreen onsdag 21. mai kl 18
16.05.2025
Styret for Jostedalsbreen nasjonalpark og Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten inviterer til offisiell opning av det nye utsiktspunktet ved Bøyabreen onsdag 21.mai kl 18:00.
Praktisk stikurs på Sandane 10.-13.juni 2025
18.03.2025
Miljødirektoratet arrangerer saman med verneområdestyra for Jostedalsbreen, Ålfotbreen og Naustdal/Gjengedal eit praktisk stikurs på Sandane 10.-13.juni. Målet med kurset er å lære meir om korleis vi kan ta vare på stiar i naturområde.
Rune Holen og Petter Bråten frå Statens naturoppsyn er instruktørar. Dei har i mange års erfaring med stiarbeid.

Skjøtselsplan for Tungestølen og Nystølen med Langedalen og Austerdalen i Luster kommune
15.05.2024
Jostedalsbreen nasjonalparkstyre har fått utarbeidd skjøtselsplan for det særeigne kulturlandskapet rundt Tungestølen og Nystølen i Luster kommune.
Nedanfor finn du lenker til dei tre skjøtselsplanane.