Meny
Lukk

Ofte stilte spørsmål

Er det lov med motorisert ferdsle i nasjonalparken?

Motorferdsel er i utgangspunktet forbode, men her er nokre unntak. Motorferdsel til enkelte føremål, fyrst og fremst i samband med redningsteneste og liknande, har ein generell dispensasjon frå forbodet. Motorferdsel til andre føremål må ein då søke om.

Korleis søkjer eg om motorisert ferdsle i verneområdet?

Det enklaste er å bruke det nettbaserte søknadsskjemaet. Fyller du ut det så får forvaltninga alle opplysningane vi treng for å handsame søknaden. Søknad kan og sendast til postmottaket til Statsforvaltaren.

Er det lov å nytte el-sykkel i nasjonalparken?

I dag er elsykling rekna som motorisert ferdsle etter regelverket, og er forbode i nasjonalparken.

Er det lov å brenne bål i nasjonalparken?

Ja. Her gjeld dei vanlege reglane for bålbrenning.

I tida 15. april til 15. september er det ikkje lov å fyre bål eller tenne grill i nærleiken av skog eller anna utmark. Det er likevel lov å tenne opp bål dersom det er heilt openbart at det ikkje kan starte ein brann.

Sida er under utarbeiding.