Meny
Lukk

Søknadar

Søkje om dispensasjon frå verneforskrifta

Enkelte tiltak og aktivitetar er i utgangspunktet forbode i nasjonalparken, men det er opna for at nasjonalparkstyret kan gje dispensasjon

Dette gjeld mellom anna motorferdsel og ulike typar byggjetiltak. Tiltakshavar må i slike tilfelle sende søknad om dispensasjon frå verneforskrifta til nasjonalparkstyret.

For å finne ut kva tiltak og aktivitetar som treng dispensasjon må ein lese verneforskrifta eller forvaltningsplanen. Dersom ein ikkje finn det ut der, kan ein kontakte nasjonalparkforvaltaren.

Søknaden skal vera skriftleg, og den skal gje tilstrekkeleg informasjon til at verneområdestyret kan fatte vedtak. Sjå også ofte stilte spørsmål for å finne ut om tiltaket er søknadspliktig.

§

Verneforskrifta set ramma for kva som er lov og ikkje lov å gjere i verneområdet. Nokre aktivitetar og tiltak krev løyve frå forvaltingstyresmakta. Alle verneområde har si eiga verneforskrift som har som føremål å ta vare på verneverdiane.

Vi anbefaler å lese forskrifta før du søker: