Meny
Lukk

Nærøyfjorden verneområdestyre har forvaltningsansvar for seks verneområde, kvart med sine unike kvalitetar. I menyen over kan du lese meir om dei ulike verneområda.

Alle dei seks verneområda inngår i verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap, delområde Nærøyfjorden. Saman med Geirangerfjorden er området skrevet inn på Unesco si liste over verdas kultur- og naturarv. Grunnen til innskrivinga er det vakre og dramatiske landskapet, som blir rekna for å vere eit framifrå døme på fjordlandskap, og med levande geologiske prosessar.