Meny
Lukk

Styret

Nærøyfjorden verneområdestyre er oppnemnt av Klima- og miljødepartementet som forvaltningsmynde for verneområda i Nærøyfjordområdet. Styret er sett saman av politikarar frå Vestland fylkeskommune og dei kommunane verneområda omfattar, som er Aurland, Lærdal, Vik og Voss. Det første styret vart etablert 30. august 2011. Det er tilsett to verneområdeforvaltarar som sekretariat for styret.

Det er styret sin jobb å passe på at verneverdiane blir ivaretekne. Styret handsamar søknadar knytt til regelverket og fordelar midlar til tiltak. Statens naturoppsyn fører kontroll med reglane i verneforskriftene og har ansvar for oppsyn i området.

I menyen til venstre finn du meir informasjon om nasjonalparkstyret, tilhøyrande utval, saksdokument og møteprotokollar.