Meny
Lukk
Bleia naturreservat er verna for å sikre ein lokalitet med urvalmue (Papaver radicatum ssp. relictum) av særleg vitskapleg verdi og eit særmerkt fjordlandskap med uvanleg storskala ravinar og fjellryggar. Verneområdet er eit botanisk og urskogprega verdfullt område frå fjord til høgfjell.