Meny
Lukk

Utladalen landskapsvernområde – Utsiktspunkt Vettisfossen og Ny DNT-hytte på Vettismorki – Velkommen til opning den 16. juni

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen inviterer til opning av det nye utsiktspunktet mot Vettisfossen, og DNT Oslo og Omegn viser fram den nye hytta på Vettismorki fredag 16. juni.
Statssekretær Kjersti Bjørnstad frå Klima- og Miljødepartementet kjem, og den kjende musikaren og komponisten Karl Seglem frå Årdal kjem med bukkehorna sine. Kjem du?

Kvart år går mange opp for å beundre Vettisfossen, det høgaste uregulerte fossefallet i Noreg. Ved Vettisfossen har det vore ei utsiktsrampe i meir enn 100 år. Utsiktsplattforma som hadde stått på kanten av juvet mot Utladalen då området vart verna i 1980 bar sterkt preg av tidas tann, og måtte bort. Nasjonalparkstyret innsåg at det ville vera uråd å fjerne det utslitne anlegget utan å erstatte det med noko. Folk ville likevel gå på kanten for å sjå fossen, og ferdsla ville medføre sterk terrengslitasje og uroing av fuglar som hekkar i bergveggen under.

Etter ein grundig prosess frå 2020, med vurdering av tryggleik og omsyn til verneverdiar, var det klart for byggestart hausten 2022. Ekehaug Maskin AS og Gjeraldstveit Mekaniske AS fekk ein hektisk anleggsperiode, men vossingane løyste alle utfordringar, og kom i mål før vinteren sette inn! Den nye plattforma er utforma slik at ein her får den beste utsikta mot fossen, ein får sjå heile fossefallet, og ein unngår dermed at folk klatrar ut på utrygg grunn for å sjå best mogleg. Den nye stien samlar ferdsla, ein unngår terrengslitasje og reduserer graden av forstyrring.

Vi viser til meir informasjon i programmet for opninga.

Prosjektet er finansiert med løyving av tiltaksmidlar frå Miljødirektoratet og pengegåver frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Stiftelsen UNI. Utladalen Naturhus og Nasjonalparkstyret rettar ein stor takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og til Stiftelsen UNI som har gjeve økonomisk bidrag til å kunne realisere prosjektet!

Utsiktspunktet er utforma av Dronninga Landskap AS i nært samarbeid med DIFK Florian Kosche AS (stålkonstruksjon) og ingeniør Tore Valstad (fundamentering).
Ekehaug Maskin AS har vore hovudentreprenør og Gjeraldstveit Mekaniske AS har vore ansvarleg for stålarbeidet.
Asplan Viak v/Per Sigve Selseng har vore byggeleiar.
Statens Naturoppsyn Jotunheimen har vore ansvarleg for fagleg leiing av arbeidet med omlegging av sti, revegetering og legging av nye kavler.
Utladalen Naturhus har stått for det praktiske arbeidet med revegetering, legging av kavler og oppsetting av informasjonsplakatar.

Byggherre har vore Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen i samarbeid med Utladalen Naturhus.

Eventuelle spørsmål om utsiktspunktet kan rettast til nasjonalparkforvaltarane.