Meny
Lukk

Spørsmål om pristilbod - Utbetring av sti i Utladalen

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen ber om pristilbod på oppdrag om utbetring av stien frå Vetti til brua over Morkaelvi i Utladalen landskapsvernområde.

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen har ansvar for forvalting av Utladalen landskapsvernområde. Blant oppgåvene til styret er å legge til rette for besøkande, og nasjonalparkstyret meiner det er behov for utbetring av stien frå Vetti til brua over Morkaelvi.

Med etableringa av det nye utsiktspunktet ved Vettisfossen reknar nasjonalparkstyret med at ferdsla på stien vil auke framover.
Det er derfor behov for å forsterke stien i utsette parti. Dette inneber å utbetre stien for å minske slitasjen og for å minimere erosjonsskader.

Fristen for å levere tilbod er 24. april kl. 12.00.

For nærare informasjon om anbodet viser vi til følgjande dokument:

- Utladalen LVO - Utbetring av stien frå Vetti til brua over Morkaelvi -
Spørsmål om pristilbod på arbeid

- Konkurransegrunnlag
- Vedlegg A - Tilbodsbrev
- Vedlegg B - Forpliktingserklæring
- Vedlegg C - Atterhald og avvik
- Vedlegg D - Tilstandsrapport med skildring av behov og krav til ytinga
- Vedlegg E - Avtalevilkår