Meny
Lukk

Evaluering av ordning for bruk av el-sykkel i Jotunheimen

Frå 15. juni vart det opna for bruka av el-sykkel på Glitterheimsvegen i Jotunheimen nasjonalpark og på Koldedalsvegen i Utladalen landskapsvernområde. På desse to vegstrekningane kan du sykle med el-sykkel i perioden 15. juni -15. oktober.

Utanom desse to vegstrekningane er det ikkje lov å nytte el-sykkel innan verneområda. Oppmjukinga for bruk av el-sykkel på linje med vanleg sykkel gjeld IKKJE i verneområde dersom det ikkje er gjort eit konkret vedtak som viser kvar ein eventuelt kan nytte el-sykkelen. Det er verdt å merke seg at det ikkje er lademoglegheiter i nasjonalparken.

Norsk Institutt for Naturforskning er engasjert for å gjennomføre ei evaluering av ordninga. Les meir om evalueringa her: Nyheitsoppdatering om el-sykkel frå Miljødirektoratet