Meny
Lukk

Lyser ut autorisasjon for eit nytt besøkssenter på vestsida av Jotunheimen nasjonalpark

Miljødirektoratet lyser ut autorisasjon for eit nytt besøkssenter som skal vere lokalisert på vestsida av Jotunheimen nasjonalpark. Søknadsfristen er 12. april 2023.


Senteret skal kunne ta i mot besøkande i dette området, og formidle informasjon om bl.a. nasjonalparken og Utladalen landskapsvernområde.

Miljødirektoratet lyser samtidig ut autorisasjon for eit senter på vestsida av Reinheimen nasjonalpark. Utlysinga er i tråd med budsjettproposisjonen til Klima- og miljødepartementet for 2023 og vedteke budsjett 2023, der det er sett av
1 500 000 kr. til kvart senter for autorisasjon i 2023.

Nasjonalparksentra skal formidle kunnskap om eit tema eller eit område. Dei skal bl.a. auke kunnskapen for forståing av vern, og inspirere til å vere ute i naturen og å sjå på kulturminne.

Frå før er Norsk Fjellsenter i Lom autorisert besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen.

For meir informasjon om utlysinga, sjå Miljødirektoratet sine heimesider.