Meny
Lukk

Fortun Bygdalag er nytt autorisert besøkssenter for Jotunheimen nasjonalpark saman med Breheimen!

Det nye senteret skal ta i mot besøkande frå vestsida av Jotunheimen nasjonalpark.
Fortun Bygdalag vil informere og spreie kunnskap om tre naturgjevne tema: villrein og fangstkultur, historiske handels- og pilgrimsvegar og tindesporten i Hurrungane gjennom 150 år.

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen gav etter førespurnad frå Miljødirektoratet støtteerklæring til etablering av eit besøkssenter for Jotunheimen nasjonalpark på vestsida av Jotunheimen sist tysdag. Nasjonalparkstyret meinte at valet måtte stå mellom dei to aktørane lokalisert i Vestland fylke, Fortun Bygdalag og Utladalen Naturhus. Det er Miljødirektoratet som har vurdert søkjarane og fatta avgjerda om kven som skulle bli autorisert som nasjonalparksenter.

Frå før er Norsk Fjellsenter i Lom autorisert besøkssenter for Jotunheimen. Forvaltinga i Jotunheimen har eit godt og tett samarbeid med Norsk Fjellsenter i Lom, som også er forvaltingsknutepunkt. Fjella mellom aust og vest er likevel eit geografisk skilje vinterstid, både for besøkande og for forvaltinga når fjellovergangane er stengde. På vestsida av Jotunheimen er det tre autoriserte nasjonalparksenter frå før, men ingen av dei er autorisert for Jotunheimen nasjonalpark. Med den aktiviteten som er i vest-Jotunheimen, særleg kring Hurrungane og i Utladalen, ønskjer nasjonalparkstyret det nye senteret velkommen!

For meir informasjon, sjå pressemeldinga på Miljødirektoratet sine heimesider.