Meny
Lukk

Besøksstrategi for Besseggen på høyring

Besseggen er blant dei utvalde strekningane som kan søke status som nasjonal turiststi. Ordninga blir administrert av Miljødirektoratet, og Bessegen har vore med i nettverket frå starten. Det er etablert styringsgruppe og referansegruppe for prosjektet. Utkast til besøksstrategi er nå på høyring

Høyring av besøksstrategi - uttalefrist 20. april

Høyringsdokumenta finn du her:
Høyringsbrev
Besøksstrategi - høyringsutkast

Styringsgrunppa har ikkje eige sekretariat, så arbeidsoppgåvene har vore fordelt på medlemmene eller vorte løyst ved innleigd hjelp. Nasjonalparkforvaltar for Jotunheimen bistår med sekretærhjelp for gjennomføring av høyringsprosessen, på vegne av styringsgruppa. Dette ut ifrå at storparten av stien ligg innan grensene for nasjonalparken.

Nasjonalparkstyret er høyringspart på linje med dei andre som får planen til uttale. Det vil vera styringsgruppa for prosjektet som stadestar det endelege dokumentet, etter vurdering av innkomne høyringsuttaler.

Uttalefrist_ 20. april 2022.

Uttalene sendast til Nasjonalparkforvaltar Jotunheimen v/ Statsforvaltaren i Innlandet, postboks 987, 2604 Lillehammer - sfinpost@statsforvalteren.no – ref. sak 2022/2755.