Meny
Lukk

Anleggsarbeid - Nytt utsiktspunkt Vettisfossen

Utsiktspunktet ved Vettisfossen er eit ynda turmål for mange. Den gamle rampa må skiftast ut, og utsiktspunktet vil dessverre vera utilgjengeleg frå måndag 15. august til ut oktober 2022 grunna anleggsarbeid.

Ved Vettisfossen har det vore utsiktsrampe i meir enn 100 år. På utsiktspunktet får du panoramautsikt mot fossen som har eit fritt fall på 275 meter. Den gamle installasjonen er moden for utskifting, og nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen bygger difor ny utsiktsplattform. Samstundes blir stien heilt ute på kanten av stupet flytta inn på trygg grunn, i samarbeid med DNT Oslo og Omegn.

Vi er lei for ulempene som følgjer med byggjearbeidet, og ønskjer deg velkomen tilbake i 2023.

Byggherre: Statsforvaltaren i Innlandet / Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen, i samarbeid med Utladalen Naturhus.
Hovudentrepenør: Ekehaug Maskin AS.
Landskapsarkitekt: Dronninga landskap AS.
Ingeniør: DIFK Florian Kosche AS
Geologi/geoteknikk: Tore Valstad.
Byggeleiing: Asplan Viak

Illustrasjon av den nye utsiktsplattforma ved Vettisfossen. Forankring av ny plattform blir trekt lenger inn på stupkanten og skråstilt mot fossen. Illustrasjon: Dronninga Landskap AS.
Ved Vettisfossen har det vore utsiktsrampe i meir enn 100 år. Foto: Kristen Dverghagen Irgens/Universitetsbiblioteket i Bergen.
Den gamle og forfalne utsiktsrampa som no blir fjerna og erstatta med ny.