Inspirert av det ville landskapet og norrøn mytologi gav Aasmund Olavsson Vinje dette fjellområdet namnet «Jøtunheimen» i 1862. Namnet spelar på at jotnane – eller trolla – har heimen sin her. Jøtunheimen vart seinare til Jotunheimen, som er namnet på dette mektige området med dei høgaste fjella i Nord-Europa.
Her finn du informasjon om forvaltninga av Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde.
Besøksstrategi for Besseggen på høyring
09.03.2022
Besseggen er blant dei utvalde strekningane som kan søke status som nasjonal turiststi. Ordninga blir administrert av Miljødirektoratet, og Bessegen har vore med i nettverket frå starten. Det er etablert styringsgruppe og referansegruppe for prosjektet. Utkast til besøksstrategi er nå på høyring

Evalueringsrapport - bruk av el-sykkel på Glitterheimvegen i Jotunheimen
16.02.2022
Norsk Institutt for Naturforskning har nå presentert evalueringsrapporten for bruk av el-sykkel på ei avgrensa vegstrekning i Jotunheimen nasjonalpark.
Sjå presentasjonen på NINA sine sider og heile rapporten.

Revisjon av forvaltningsplan og besøksstrategi for Jotunheimen
09.07.2021
Melding om oppstart av revisjonsarbeidet er sendt ut. Både formelle høyringspartar og privatpersonar er velkomne til å koma med innspel.
Det er oppretta ei eige prosjektside for planarbeidet her.