/Images/Jostedalsbreen/Karusell/Fåbergstølen karusell.JPG/Images/Jostedalsbreen/Karusell/Indre Stryn Karusell.jpg/Images/Jostedalsbreen/Karusell/Kyr i Bøyadalen karusell.jpg/Images/Jostedalsbreen/Karusell/Særpreg breis karusell.jpg/Images/Jostedalsbreen/Karusell/Vårskitur mot toppene Karusell.jpg/Images/Jostedalsbreen/Karusell/Brehole karusell.JPG/Images/Jostedalsbreen/Karusell/Greplyng karusell.JPG/Images/Jostedalsbreen/Karusell/Framsidebilete karusell.jpg

Jostedalsbreen nasjonalpark

Den største isbreen på det europeiske fastlandet

Jostedalsbreen nasjonalpark har ei enorm spennvidde i naturtypar frå frodig lauvskog i låglandet til isbrear og høge fjell over 2000 meter over havet. Verneområdet har ei samanhengande lengde på vel 6 mil og omlag halvparten av nasjonalparken er dekt av is. Velkommen inn! 


Nyhende

Anbod - invitasjon til konkurranse om sårbarheitsvurderingar for ferdsel 2020

Parti av Skålastien

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre inviterer interesserte tilbydarar til å delta i konkurranse. Anbodet gjeld kjøp av tenester i samband med sårbarheitsvurderingar for inntil 3 ferdselslokalitetar i Jostedalsbreen nasjonalpark 2020.  Tilbodsfrist er sett til onsdag 5.august 2020 kl 13:00.

(Publisert:03.07.2020)

Vandring langs gamle far på tvers av kommunegrensene

Ferdselsruta frå Lunde og opp mot Marabreen er landets brattast tilrettelagde DNT-sti.

Då ordførar og leiar i Jostedalsbreen nasjonalparkstyre, Ivar Kvalen, og statssekretær Atle Hamar la ned grunnsteinen for nye Tungestølen i august 2018 vart det fort snakk om å gå til fots til Tungestølen i samband med opninga i 2019. Som sagt, så gjort.

(Publisert:30.10.2019 Sist endret:03.07.2020)

Anbod - invitasjon til konkurranse om istandsetjing av parsell på Skålastien

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre inviterer interesserte tilbydarar til å delta i konkurranse. Anbodet gjeld kjøp av tenester for istandsetjing av ein parsell i nedre del av Skålastien i Loen, Stryn kommune. Tilbodsfrist er sett til 6.mai 2020 kl 13:00. For meir informasjon om prosjektet sjå i konkurransegrunnlaget.

(Publisert:22.04.2020 Sist endret:03.07.2020)

Anbod - invitasjon til konkurranse om istandsetjing av drifteveg i Sunndalen

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre inviterer interesserte tilbydarar til å delta i konkurranse. Anbodet gjeld kjøp av teneste for istandsetting og oppgradering av drifteveg med arbeidsleiing og murearbeid i Sunndalen, Stryn kommune. Tilbodsfrist er sett til 19. juni kl. 12:00.

(Publisert:05.06.2019 Sist endret:03.07.2020)

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre løyver 135 000 kr til flaumskader i Nordfjord

Setrevegen mot Bødalseter vart borte ca 150 meter etter oktoberflaumen 2019.

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre vedtok samrøystes i styremøtet 4. mars å løyve 135 000 kr til oppbygging av stiar og bruer i Jostedalsbreen nasjonalpark etter flaumen som råka området i oktober i fjor.

(Publisert:11.03.2019 Sist endret:03.07.2020)
Vis nyhetsarkiv