Meny
Lukk

Byggesaker

Byggesaker i verneområdet

Bygningar og byggeverksemd i verneområdet er delvis regulert gjennom verneforskrifta. Dei fleste byggearbeid som medfører vesentlege endringar må ein søkje om.

Søknadspliktige tiltak:
- Nye bygningar
- Utviding av eksisterande bygningar
- Ombygging som fører til nemneverdig endring av fasaden

Tiltak ein ikkje treng å søke om:
- Vedlikehald
- Mindre endringar som ikkje fører til nemneverdig endring av fasaden

Er du i tvil, ta kontakt med verneområdeforvaltar.

Meir utfyllande informasjon kan du finne i Forvaltningsplan for Naustdal-Gjengedal LVO, kapittel 4.6. Du finn planen nedst på sida her.

Korleis skrive søknad

Dersom du skal skrive ein søknad om å gjere byggearbeid i verneområdet, er det viktig å få fram kva du vil gjere og kvifor du vil gjere det.

Søknaden bør innehalde:
- Ei kort og konkret skidring av kva du vil gjere og kvifor det er behov for å gjere dette
- Kart som syner kor dette er
- Teikningar/skisser som syner kva du vil gjere
- Gjerne bilete som syner korleis det ser ut i dag

Søknaden treng ikkje vere lang og omfattande. Men prøv å få fram det som er vesentleg.

Søknaden kan du sende per e-post eller per brev til postmottaket til Statsforvaltaren. Eller direkte til verneområdeforvaltar.

Sakshandsamingstid

Du må rekne med ei viss sakshandsamingstid på byggesaker. Dei flste bygge- og inngrepssaker skal leggast fram for verneområdestyret, som har møte om lag fire gonger i året. Det kan altso vere 3-4 månader mellom kvart møte. Søk derfor i god tid!

Tips: Søk gjerne om hausten eller vinteren. Då har forvaltning og styre god tid til å handsame saka, og du vil få eit svar før våren eller sommaren som er den mest aktuelle tida for byggearbeid i utmarka.

Forlvaltningsplan
Last ned
File icon PDF