Meny
Lukk

Vis di tilknyting til Jostedalsbreen

Verksemder med geografisk tilknytting til Jostedalsbreen kan no søkje om løyve til å bruke merkevara "Norges nasjonalparker" i si marknadsføring.

Kommersiell bruk av merkevara Norges nasjonalparker

Det er lagt til rette for at verksemder med geografisk tilknyting til ein nasjonalpark eller større verneområde kan søkje om løyve til å bruke eit spesiallaga merke som viser tilknytinga til verneområdet. Merket skal brukast saman med logo for eiga verksemd i marknadsføringa av eit produkt, ei teneste eller ein aktivitet. Merket er ikkje eit kvalitetsstempel, og representerer ikkje nokon form for godkjenning, finansiering eller anna støtte frå nasjonalparken eller forvaltningsmyndet. Det er ein kvalitet i seg sjølv å ligge i nærleiken av ein nasjonalpark, og det er dette vi ynskjer at di bedrift skal kunne nyte godt av. Merket er gratis å bruke, men du må søkje nasjonalparkstyret om løyve til bruk.

Kven kan bruke det kommersielle merket for Jostedalsbreen nasjonalpark?

Du kan søkje om å få bruke det kommersielle merket for Jostedalsbreen nasjonalpark dersom

- du driv kommersiell, frivillig eller anna type verksemd i eller ved nasjonalparken
- produktet du tilbyr kjem frå nasjonalparken
- du arrangerer ein aktivitet i eller ved nasjonalparken

Produktet/tenesta du tilbyr bør

- vere miljøvennleg
- vere kjenneteikna av kvalitet, gode råvarer og godt handverk
- tilby informasjon om Jostedalsbreen nasjonalpark, direkte eller indirekte
- ha opphav i lokalt næringsliv
- ha ein «eigenart» for Jostedalsbreen nasjonalpark

Nasjonalparkstyret kan gje godkjenning til fleire produkt/tenester i same kategori dersom dei innfrir kriteria. T.d. gaida turar eller saueskinnsfellar frå ulike leverandørar.

Ulike logoar

Det er tre alternative merker. Du får ei fil med logoen til Jostedalsbreen nasjonalpark etter godkjenning.

Figuren under viser døme på dei tre alternative merka:


Korleis kan eg bruke merket?

Du kan eksempelvis bruke merket som klistremerke i butikkvindauge, i program eller brosjyrar, på nettstadar, i e-post og på plakatar. Merket skal alltid brukast saman med
verksemda sin eigen logo.

Kva er kriteria for bruk?

Det kommersielle merket må ikkje brukast på ein måte som kan skade omdømet til Jostedalsbreen nasjonalparkstyre eller Norges nasjonalparker, eller på ein måte som strid
mot nasjonalparken sine retningslinjer eller formål. Du kan lesa verneforskrift og retningslinjer her: https://www.nasjonalparkstyre.no/Jostedalsbreen/publikasjoner.

Det er ikkje lov å bruke det kommersielle merket på reklamemateriell eller varer utan følgje av verksemda din eigen logo, som t.d. på brevhovud eller på emballasjen for eit produkt. Det må alltid gå klart fram kven verksemda bak produktet eller tenesta er, at dette ikkje er eit nasjonalparkprodukt eller -teneste, og at det ikkje er eit nasjonalparkgodkjent produkt eller teneste.

Nasjonalparkstyret kan trekke tilbake ei godkjenning dersom produktet ikkje lenger innfrir kriteria eller dersom godkjenninga blir misbrukt. Miljødirektoratet tilrår i tillegg å følgje kriteria for berekraftige reisemål, som er ein nasjonal sertifiseringsordning. Meir info om den finn du her: https://business.visitnorway.com/no/verktoy/merket-for-baerekraftig-reisemaal/.

Kvifor må eg signere ei avtale?

Logoen for Norges nasjonalparker er ein verdifull ressurs, og eit beskytta varemerke, dette gjeld også det kommersielle merket.

Det er viktig å handheve riktig bruk til fordel for alle som ynskjer å knyte verksemda si til Norges nasjonalparker. Misbruk kan øydelegge verdien for alle som brukar merket. Det må difor signerast ei forpliktande avtale med nasjonalparkstyret for bruk av merket.

Gjennom avtala anerkjenner du kriteria for bruk og bind deg til å bruke merket respektfullt, hensiktsmessig og etter retningslinjene.

Berre dei som har søkt om og fått løyve til å bruke merket, kan gjere det.

Får eg merket til odel og eige?

Det er Jostedalsbreen nasjonalparkstyre som avgjer varigheita for retten til bruk av merket. Du kan søkje om å bruke merket for ei tidsavgrensa hending, eller for eit produkt eller ei teneste over lengre tid.

Korleis søkjer eg?

Dersom du etter å ha lest innhaldet i dette dokumentet ønskjer å søkje om å bruke det kommersielle merket for Jostedalsbreen nasjonalpark, kan du fylle ut og signere skjemaet du finn her: Last ned søknadsskjema.

Skjemaet sender du til Jostedalsbreen nasjonalparkstyre.

Adresse:
Jostedalsbreen nasjonalparkstyre
v/Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2
6863 Leikanger

E-post: sfvlpost@statsforvalteren.no

Viss nasjonalparkstyret godkjenner søknaden din vil du få tilsendt merket i høg oppløysing, på ulike språk og i ulike filformat. Du vil og få tilsendt ei signert avtale og retningslinjer om korleis du bruker merket.