Meny
Lukk

Jubileumsarrangement i Jostedalen og Fjærland

20. og 22. mai var det storveges jubileumsfeiring, både av nasjonalparken som opna for 30 år sidan, og av det eine av dei 3 besøkssentra tilknytt nasjonalparken, Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, som også var blitt 30 år! To spreke 30-åringar vart feira frå fredag til søndag, og det var mykje kjekt på programmet!

Besøk frå Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet

I Jostedalen fekk nasjonalparken besøk av statssekretær Aleksander Øren Heen frå Klima- og miljødepartementet (KLD), av avdelingsdirektør Øivind Dannevig ved Natur- og friluftslivseksjonen i KLD og av avdelingsdirektør for Statens naturoppsyn (SNO) Morten Kjørstad og markerte jubileet fyrst ved Bergset der det heile starta ein junidag for 30 år sidan. Her fortalte krundøl Olav Grov om korleis breen har forma folket og dalen sidan fleire tusen år attende, og Tom Dybwad frå statsforvaltaren i Vestland las dikt til Jostedalsbreen - laga i høve 30-års markeringa til nasjonalparken.

I Bergsetdalen var det markering med kulturhistorie, diktlesing, flagging og fotografering på same stad det heile starta for 30 år sidan.

Blåistur på Nigardsbreen

Så gjekk turen vidare til Nigardsbreen og tur på blåisen for særleg inviterte. Elevane i 6. klasse ved Jostedal Oppvekstsenter var med på turen, og utfordra politikarar og andre med gode spørsmål om korleis dei sjølve tek ansvar for å leve berekraftig. Mange gode drøftingar fekk me på vegen til og frå breen, så takk for turen! Etterpå vart det pizza på Breheimsenteret og deretter føredrag ved både statssekretær, styreleiar Ivar Kvalen og statsforvaltaren ved Tom Dybwad.

Det var gode spørsmål på blåisen frå dei som skal ta over forvaltninga av naturen etter oss.

Fjærland: feiring både fredag og søndag

Til Fjærland kom elevar frå Skei, Fjærland og Kaupanger på fredag for å markere nasjonalparken. Elevane besøkte museet, såg panoramafilmen om Jostedalsbreen, brølte i klimabrølet sin brølofon og fekk vere med på ekskursjon til Supphellebreen. Ein flott dag!

Så var det markering av Bremuseet sin 30års dag på søndag, med besøk av H.M. Dronning Sonja. Det vart eit strålande flott ver og ei nydeleg ramme rundt arrangementet! Nasjonalparkstyret var tilstades, og ynskjer til lukke med dei fyrste 30 åra!

Frå den opne markeringa av Norsk Bremuseum sin 30års dag utandørs.