Revidering av forvaltningsplanen
Forvaltningsplanane er på høyring fram til 31.12.2026
Nasjonalparkstyret har vedteke å sende forvaltningsplanane for Folgefonna nasjonalpark og verneområda rundt nasjonalparken på høyring.
Ein forvaltningsplan skal avklare vernereglane og inneheld retningsliner for bruken av verneområda. Planen har også med mål og tiltak for å ta vare på verneverdiane.
Om du har innspel til forvaltningsplanen kan du sende dei på e-post til folgefonna@statsforvalteren.no.
Synfaringar og møter
Kryss av for kva synfaring eller møte du vil vere med på i skjema under.
Hovudtema for synfaringane i landskapsvernområda vil vere forvaltningsplanen for kvart enkelt landskapsvernområde, men vi tek også opp relevante tema for nasjonalparken.
Det er sett av to timar til kvar synfaring.