Meny
Lukk

Arbeidet med revidering av forvaltningsplanen er i gang!

Folgefonna nasjonalpark, Bondhusdalen landskapsvernområde (LVO), Ænesdalen LVO, Hattebergsdalen LVO og Buer LVO har ein felles forvaltningsplan som vart godkjent 24.11.2010 av Direktoratet for naturforvaltning.

Forvaltningsplanen skal no reviderast og i prosessen vert det viktig med god dialog og samhandling med grunneigarar, beitenæring, skogbruk, turlag, kommunar med fleire.

Forvaltningsplanen skal gje ei presisering av vernereglane. Den skal vere eit praktisk reiskap som formidlar mål og tiltak i samsvar med verneføremålet. Planen skal difor gje retningsliner for dispensasjonspraksis og forvatningsskjøn, med detaljerte og konkrete retningsliner om tema som bruk, skjøtsel, tilrettelegging og informasjon.

Dersom du har store eller små innspel til ny forvaltningsplan, ynskjer vi å høyre i frå deg!

Send oss gjerne ein e-post til folgefonna@statsforvalteren.no.