Meny
Lukk
Føremålet med vernet er å ta vare på eit eigenarta, vakkert og kontrastrikt naturlandskap med dei vestlegaste og mest oseanisk påverka isbreane i Noreg; bevare utan større tekniske inngrep dei storslåtte og særprega devonske landskapsformene, og heile breidda av naturtypar i overgangen frå høgfjell og bre til elver og vatn, skogkledde dalar og fjordlier med varmekjær lauvskog; og å ta vare på det biologiske mangfaldet og kulturlandskap som finst i området. Allmenta skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.

Ålfotbreen landskapsverneområde vart verna med heimel i naturvernlova den 9. januar 2009. Verneområdet er på om lag 226 km2, og ligg i kommunane Gloppen, Bremanger og Kinn.

Besøk nettsida til Ålfotbreen landskapsvernområde External link icon

Kort om verneområdet

Grunnen til at dette fjellområdet vart verna, kan vi lese i føremålsparagrafen i verneforskrifta:

Føremålet med vernet er å:
- Ta vare på eit eigenarta, vakkert og kontrastrikt naturlandskap med dei vestlegaste og mest oseanisk påverka isbreane i Noreg.
- Bevare utan større tekniske inngrep dei storslåtte og særprega devonske landskaps-formene, og heile breidda av naturtypar i overgangen frå høgfjell og bre til elver og vatn, skogkledde dalar og fjordlier med varmekjær lauvskog.
- Ta vare på det biologiske mangfaldet og kulturlandskap som finst i området.

Allmenta skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.

Mesteparten av verneområdet er eit vilt, vakkert, verhardt og karrig landskap som er prega av fjell, bre og vatn. Sjølve Ålfotbreenplatået er truleg det mest nedbørsrike området i Noreg. Det krevjande veret og karrige landskapet gjer til at det meste av området er lite i bruk, verken til beitedrift eller friluftsliv.

I kontrast til det karrige høgfjellet og breane ligg det frodige dalar rundt. Takka vere det fuktige klimaet og den skjerma plasseringa oppunder fjella er det gode veksetilhøve i desse dalføra og liane. Desse dalane er mykje brukt av beitedyr og hjorten trivst og særs godt her på sommarbeite.

Området er ein del brukt til friluftsliv, og der er to DNT-hytter i verneområdet. Den eine er Blåbrebu som ligg i Grøndalen i Flora kommune. Denne har rykte på seg for å vere "Noregs våtaste turisthytte" og ligg midt i dei karakteristiske fjellformasjonane som ligg mot vest i landskapsvernområdet. Den andre heiter Gjegnabu, og ligg vakkert plassert oppe i høgfjellet på grensa mellom Bremanger og Gloppen, ikkje langt frå Gjegnen.

Gjegnen er høgaste fjellet i verneområdet. Det er det høgaste fjellet som ligg vest for Jostedalsbreen, og er eit populært turmål når veret tillet det.