Personvernerklæring
Personvernerklæring for Ålfotbreen verneområdestyre
Ålfotbreen verneområdestyre handsamar personopplysningar om deg når du brukar denne nettstaden.
Her finn du informasjon om personopplysningane vi samlar inn, kvifor vi gjer det, og kva rettar du har når det gjeld handsaminga av desse personopplysningane.
Ansvarleg for handsaming
Den ansvarlege for handsaminga av personopplysningane om deg er styreleiaren i Ålfotbreen verneområdestyre.
Regulering av Ålfotbreen verneområdestyre si handsaming av personopplysningar
Personvern er viktig både for deg som brukar og for oss i Ålfotbreen verneområdestyre. Vi er opptatt av å verne om og respektere personvernet ditt.
Ålfotbreen verneområdestyre er underlagt personopplysningslova og personvernforordninga (General Data Protection Regulation 2016/679) når vi handsamar personopplysningar.
Vi vil i hovudsak hente inn personopplysningane vi registrerer, direkte frå deg som brukar. Ved innsamling av opplysningar frå ein tredjepart, for eksempel frå Folkeregisteret, får du eit varsel, med mindre innsamlinga er lovbestemt, varsling er umogleg eller uforholdsmessig vanskeleg, eller det er på det reine at du allereie kjenner til kva for informasjon varselet ville innehalde.
Dersom vi ønskjer å innhente opplysningar frå deg som ikkje er nødvendige for å vareta avtaleforholdet som oppstår ved at du registrerer deg som brukar av tenestene våre, vil vi først informere deg om at det er frivillig å gi frå seg opplysningane, og kva opplysningane skal brukast til.
Derfor handsamar vi personopplysningar om deg
Føremålet med Ålfotbreen verneområdestyre si handsaming av personopplysningar er i første rekke å vareta forvaltningsoppgåvene vi har som styre.
Frå vedtektene, pkt. 1. Formålet med vedtektene: Føremålet med desse vedtektene er å leggje til rette for ei heilskapleg og kunnskapsbasert forvalting av dei verneområda styret har ansvar for.
Vedtektene skal sørge for at verneområdestyret skal kunne oppfylle føremålet med vernet
i tråd med nasjonale mål og internasjonale plikter. Vi handsamar personopplysningar i den grad lovgivinga pålegg oss eller tillèt oss slik handsaming.
Vi handsamar personopplysningane vi hentar inn, til desse føremåla:
Vi brukar personopplysningar når vi svarer på spørsmål: Her handsamar vi namn, telefonnummer, e-postadresse og eventuelle andre personopplysningar. Behandlinga av personopplysningar skjer på grunnlag av ei interesseavveging. Vi har vurdert det slik at dette ofte er nødvendig for at vi skal kunne hjelpe deg med det du lurer på.
Vi brukar informasjonskapslar (cookies) for å få informasjon om bruken av nettsidene våre: Vi handsamar personopplysningar på grunnlag av ei interesseavveging. Vi har vurdert det slik at det er nødvendig for oss for å tilpasse nettsida til brukarane våre. Vi tar likevel vare på personvernet ditt ved at vi berre bruker opplysningane til statistikk. I denne statistikken er det ikkje mogleg å identifisere deg som enkeltperson.
Dokument med personopplysningar:
Vi legg ut enkelte dokument med namn på personar på. Det gjeld oversikt over styremedlem og utval, protokollar og referat frå møter i styre og utval, og dei vedtaka som er lenka til frå nettsida.
Her vil det berre stå namn og eventuelt kven den enkelte representerer, men her vil ikkje stå anna informasjon om vedkommande.
Ålfotbreen verneområdestyre brukar informasjonskapslar (cookies)
For å utvikle og analysere bruksmønsteret bruker nasjonalparkstyre.no informasjonskapslar (cookies). Informasjonskapslar er små tekstfiler som denne nettstaden lagrar på datamaskina til brukaren.
Nettenestene våre bruker informasjonskapslar som gjer at nettsida hugsar tidlegare brukarinnstillingar på sida. Informasjonskapslar gir oss også statistikk. Vi bruker statistikken som grunnlag for kunne å gjere nettsidene våre betre.
Vi lagrar aldri informasjon som kan identifisere deg personleg eller krenke personvernet. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics for å analysere informasjonen.
Du kan avvise bruken av informasjonskapslar ved å justere innstillingane i nettlesaren din. Ver merksam på at om du gjer dette, kan det hende at du ikkje får brukt all funksjonaliteten på nettsidene.
Informasjonskapslar på Ålfotbreen verneområdestyre si side:
_ga
• Kjelde: Google Analytics, gjer detaljert statistikk om kven som besøker nettsidene.
• Hensikt: Skilje unike brukarar for å berekne besøkande-, økt- og kampanjedata for nettstadanalyserapportane.
• Levetid: 2 år.
_gat_UA-
• Kjelde: Google Analytics.
• Hensikt: Å avgrense frekvensen av førespurnader og innsamlinga av data på nettstader med stor trafikk.
• Levetid: 10 minutt.
_gid
• Kjelde: Google Analytics.
• Hensikt: Blir brukt for å skilje unike brukarar ved å tildele eit tilfeldig generert nummer som ein klientidentifikator.
• Levetid: 1 dag.
AWSELB
• Kjelde: SiteImprove
• Hensikt: Analyse og statistikk av nettstaden.
• Levetid: Blir fjerna frå datamaskina når du lukker nettlesaren.
__cfduid
• Kjelde: SiteImprove.
• Hensikt: Å identifisere klarert/trygg nettrafikk.
• Levetid: 1 år.
Nmstat
• Kjelde: SiteImprove.
• Hensikt: Å analysere bruken av nettstaden. Samling av statistikk.
• Levetid: 1000 dagar.
Siteimproveses
• Kjelde: SiteImprove.
• Hensikt: Å registrere sidene ein nyttar på eit enkelt besøk.
• Levetid: Blir fjerna frå datamaskina når du lukkar nettlesaren.
Slik administrer du informasjonskapslar (Nettvett)
Utlevering av personopplysningar
Personopplysningar om deg vil bli utlevert til offentlege myndigheiter og andre utanforståande når det føl av lovbestemt opplysningsplikt eller opplysningsrett.
Utlevering vil også kunne skje til andre partar dersom det er nødvendig for å gjennomføre dei forvaltningsoppgåvene som involverer deg, på ein sikker måte. Overføring av personopplysningar til databehandlarane våre blir ikkje sett på som utlevering.
Ålfotbreen verneområdestyre er omfatta av offentleglova, som inneber at saksdokumenta våre, journalar og liknande som hovudregel er opne for innsyn. Det kan vidare krevjast innsyn i samanstillingar av opplysningar som er elektronisk lagra, når dette kan gjerast med enkle framgangsmåtar.
Ålfotbreen verneområdestyre vil utlevere dokument og samanstillingar i samsvar med offentleglova når det krevst innsyn, bortsett frå når dokument, journalar eller samanstillingar inneheld opplysningar som er teiepliktige etter lov eller forskrift, eller som med heimel i offentleglova bør vere unntatt frå offentleg innsyn.
I slike tilfelle vil Ålfotbreen verneområdestyre vurdere om ein kan gi delvis innsyn i opplysningane, jamfør plikta til å vurdere meiroffentlegheit. Teiepliktige opplysningar vil ikkje bli levert ut.
Overføring av personopplysningar til utlandet
Vi leverer ikkje ut personopplysningar til land utanfor EU/EØS-området.
Slik vernar vi opplysningane dine
Vern av personopplysningane dine er ei høgt prioritert oppgåve for oss. Vi arbeider kontinuerleg for å verne personopplysningar og annan konfidensiell informasjon.
Lagringstid
Vi slettar eller anonymiserer personopplysningar om deg når formålet med den enkelte handsaminga er oppfylt, med mindre opplysningane skal eller kan oppbevarast utover dette som følge av lovgivinga.
Det betyr for eksempel at personopplysningar som vi behandlar på grunnlag av samtykke frå deg, blir sletta dersom du trekkjer tilbake samtykket.
Rettane dine når vi handsamar personopplysningar om deg
Du har rett til å krevje innsyn, korrigering eller sletting av personopplysningane vi handsamar om deg. Du har vidare rett til å krevje avgrensa handsaming, komme med motseiingar mot handsaminga og krevje rett til dataportabilitet.
Du kan lese meir om innhaldet i desse rettane hos Datatilsynet.
Ved å vende deg til oss kan du krevje innsyn i registrerte personopplysningar, få vite kva slags opplysningar som blir handsama, og få nærmare informasjon om vår handsaming av opplysningane.
Om du vil nytte deg av rettane dine, tar du kontakt med oss ved hjelp av kontaktinformasjonen her.
For å kunne svare på førespurnaden din må vi be deg stadfeste identiteten din eller gi oss meir informasjon. Dette gjer vi for å vere sikre på at vi gir tilgang til personopplysningane berre til deg og ikkje til nokon som eventuelt utgjer seg for å vere deg.
Klager
Eventuelle klager på Ålfotbreen verneområdestyre si handsaming av personopplysningar om deg kan rettast til Datatilsynet.
Endringar
Dersom vi endrar tenestene våre eller det skjer endringar i regelverket om handsaming av personopplysningar, kan vi måtte endre informasjonen du har fått her.
Oppdatert informasjon vil alltid vere lett tilgjengeleg på denne nettsida.