Meny
Lukk

Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

Er det lov med motorisert ferdsel i landskapsvernområdet?

Motorferdsel er i utgangspunktet forbode, men her er nokre unntak. Motorferdsel til enkelte føremål, først og fremst i samband med redningsteneste og liknande, har ein generell dispensasjon frå forbodet.
Motorferdsel til andre føremål må ein då søke om.


Er det lov å bruke drone?

Reglane om motorferdsel gjeld og for bruk av drone. Det må derfor søkast om på lik linje med til dømes helikopter.


Korleis søkjer eg om motorisert ferdsle i verneområdet?

Det enklaste er å bruke det nettbaserte søknadsskjemaet. Fyller du ut det so får forvaltninga alle opplysningane vi treng for å handsame søknaden. Søknad kan og sendast til postmottaket til Statsforvaltaren.


Kva er lov å gjere på bygningar i verneområdet?

Generelt kan ein seie at normalt vedlikehald er lov, og det er positivt at bygningar i verneområdet vert halde ved like. Restaurering der man ikkje endrar fasaden på bygget treng ein ikkje søke om.
Nye bygningar, utviding av bygningar og tiltak som endrar fasaden på eit bygg må ein søke om.


Korleis søkjer eg om byggearbeid?

Skriv ein konkret og grei søknad der du med eigne ord fortel kva du vil gjere og kvifor du vil gjere det. I tillegg bør du legge ved teikningar eller skisser av tiltaket, kart som syner kor dette er og gjerne bilete som syner korleis det ser ut i dag.
Send søknaden til postmottaket til Statsforvaltaren.


Er det lov å rydde stiar, merke og fikse på stiar i verneområdet?

Dersom det er vedlikehald av ein eksisterande sti eller allereie merka sti, so treng ein ikkje søke om det. Enkelt sagt kan vi seie at arbeid som du gjer med handreidskap (spade, spett, grafse, motorsag osv) definerer vi som vedlikehald.
Dersom du vil rydde og/eller merke nye stiar, so må du søke om det.


Er det lov å hogge ved i verneområdet?

Ja. Hogst av ved til bruk i verneområdet er lov og treng ikkje søkast om. Eventuell motorferdsel i samband med dette må du søke om.
Hogst i litt større skala må man søke om, ved at man lagar ein enkel hogstplan som forvaltninga godkjenner.


Er det lov å brenne bål i verneområdet?

Ja. Her gjeld dei vanlege reglane for bålbrenning.
I tida 15.april til 15.september er det ikkje lov å fyre bål eller tenne grill i nærleiken av skog eller anna utmark. Det er likevel lov å tenne opp bål dersom det er heilt openbart at det ikkje kan starte ein brann.


Er det reguleringar på telting og anna friluftsliv i verneområdet?

I utgangspunktet ikkje, men dersom det er store nok og organiserte grupper, eller dersom det skal vere ein stor teltleir, so må man søke om det.
slike aktivitetar vil som oftast få løyve, men då med vilkår knytt til avfallshandtering, latrine og liknande.


Jakt, fiske og sanking i verneområdet?

Jakt, fiske og sanking er lov. Vernet er ikkje til hinder til jakt, fiske eller sanking.