Meny
Lukk
Foto: Anbjørg Nornes
Stølsheimen landskapsvernområde er eit særmerkt og vakkert vestlandsk fjell- og fjordlandskap med kulturminne, kulturlandskap og naturmiljø som er lite påverka av tekniske inngrep. Stølslandskapet er ein viktig del av landskapet sitt særpreg.

Landskapsvernområdet strekker seg frå fjord til fjell på sørsida av Sognefjorden. Her er få moderne inngrep, men mange spor etter tidlegare tiders bruk. Dette er vestlandsnatur med mykje nedbør, og ein frodig natur med mange elver og høge fossar.