Foto: Erik Blindheim

Velkomen til Stølsheimen verneområdestyre si informasjonsside. Her finn du informasjon om verneområdet og forvaltningsoppgåvene som styret og verneområdeforvaltarane utfører.
Stølsheimen verneområdestyre har forvaltningsansvar for Stølsheimen landskapsvernområde.
Retningslinjer for solcellepanel i Stølsheimen landskapsvernområde
21.02.2023
På styremøte den 10. februar 2023 vart det vedteke retningslinjer for bruk av solcellepanel i Stølsheimen landskapsvernområde. Det må søkjast om løyve frå Stølsheimen verneområdestyre før det kan monterast solcellepanel i Stølsheimen landskapsvernområde.
Retningslinjene og bakgrunn for retningslinjene finn du her:
Byggeskikk og istandsetting av hus i kulturlandskapet
26.01.2022
Gardstun, husmannsplassar, stølar og enkeltståande bygningar, som utløer og naust, er viktige kulturminne og opplevingselement i landskapet. Desse er viktige å ta vare på. Les og sjå film for gode tips.

Vis din tilknytting til Stølsheimen
26.10.2021
Verksemder med geografisk tilknytting til Stølsheimen kan no søke om løyve til å bruke merkevara "Norges nasjonalparker" i si marknadsføring.