Meny
Lukk

Styret

Stølsheimen verneområdestyre er oppnevnt av Klima- og miljødepartementet som forvaltningsmynde for Stølsheimen landskapsvernområde. Styret er sett saman av politikarar frå Vestland fylkeskommune og kommunane verneområda omfattar som er Vik, Høyanger, Voss og Modalen. Området omfattar også Vaksdal kommune, men kommunen har valt å ikkje vere representert i styret. Det er tilsett to verneområdeforvaltarar som sekretariat for styret. Fyrste styre vart etablert 20. desember 2011.

Det er styret sin jobb å passe på at verneverdiane blir ivaretekne. Styret handsamar søknadar knytt til regelverket og fordelar midlar til tiltak. Statens naturoppsyn fører kontroll med reglane i verneforskriftene og har ansvar for oppsyn i området.

I menyen til venstre finn du meir informasjon om nasjonalparkstyret, tilhøyrande utval, saksdokument og møteprotokollar.