Meny
Lukk

Praktisk stikurs på Rondvassbu 24.-27.juni 2024

Miljødirektoratet arrangerer sammen med Rondane-Dovre nasjonalparkstyre et praktisk stikurs ved Rondvassbu 24. – 27. juni om hvordan vi kan ta vare på stiene i naturområdene våre.

Rune Holen og Petter Bråten fra Statens naturoppsyn som i en årrekke har arbeidet med sti er instruktører.

Korleis skal vi ta vare på stiane våre?

Praktisk stikurs ved Rondvassbu 24.-27. juni.

Ein sti skal ta vare på naturverdiane, landskapet og dei som bruker stien. Stien må tole dei påkjenningane som stien kan bli utsett for, om det er klima eller type ferdsel.

Hovudregelen er at du skal ta vare på den stien du har.

Miljødirektoratet arrangerer saman med Rondane-Dovre nasjonalparkstyre eit praktisk stikurs ved Rondvassbu 24. – 27. juni om korleis vi kan ta vare på stiane i naturområda våre.

Rune Holen og Petter Bråten frå Statens naturoppsyn som i ei årrekkje har arbeidd med sti er instruktørar.

Det er gratis å delta, men det er avgrensa tal på plassar. Miljødirektoratet dekker opphaldet ved Rondvassbu for deltakarane. Reise til/frå må ein dekke sjølv.

Send gjerne invitasjonen vidare til andre som kan vere interesserte.

Stad

Kurset blir ved Rondvassbu med fokus på kva for omsyn ein må ha når ein jobbar med sti og ferdsel. Kva ein skal tenkje på når ein vedlikehalde, restaurere, revegetere og leggje til rette sti.

Målgrupper

- Verneområdeforvaltarar og offentlege tilsetje som arbeider med stiar

- Organisasjonar som arbeider med friluftsliv og stiar

- Lokale entreprenørar og andre som kan ta på seg oppdrag i vedlikehald og opparbeiding av stiar

Kor tid?

Rondvassbu frå måndag 24. juni kl 17.00 til torsdag 27. juni ca kl 12.00

Innhald

- Synfaring og vurdering av naudsynte tiltak

- Prosjektering av eit stiprosjekt

- Gjennomgang av ulike metodar for tilrettelegging: spalta grussti, steinlegging, klopplegging, gode grøfter, drift og vedlikehald

- Naturrestaurering ved stiprosjekt

Påmelding her!

Frist for påmelding 1. juni 2024.