Meny
Lukk
Foto: Mari Melbø Rødstøl
Formålet med opprettinga av Trollstigen landskapsvernområde er å ta vare på eit særprega og vakkert natur- og kulturlandskap. I dette inngår geologiske verneverdiar. Kulturminne etter fangst og beitebruk utgjer også ein vesentleg del av landskapet sin eigenart. Det er vidare eit mål å ta vare på eit samanhengande område varierande frå høgfjellet med leveområda til villreinen i Ottadalen nord til skogområda øvst i Isterdalen og Meiadalen. Etter verneformålet skal ålmenta ha tilgang til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv.