
Velkomen til nasjonalparkstyret for Reinheimen si nettside. På denne sida finn du informasjon om nasjonalparken og tilhøyrande landskapsvernområde og naturreservat.
Under dei ulike menyane er det lagt ut informasjon om vernereglane for områda, og nasjonalparkstyret og nasjonalparkforvaltarane sitt ansvar og forvaltningsoppgåver.

Brukarundersøking i Reinheimen 2022
22.08.2022
I sommar blir det gjennomført ei brukarundersøking i Reinheimen. Det er sett ut 20 svarkasser langs turstigar og innfallsportar kring heile verneområdet, og vi håpar på å få oppdatert kunnskap om korleis folk bruker områda. Resultata frå undersøkinga skal kunne gje forvaltninga eit betre grunnlag for tilrettelegging i området, og gjennomføre informasjonstiltak. Målet er å gje gode opplevingar utan at det går utover naturverdiane i Reinheimen.

Bruk av drone i Reinheimen?
12.05.2022
I Reinheimen nasjonalpark er det forbudt å fly med drone. Miljødirektoratet har definert drone som modellfly, og i verneforskriftene er bruk av modellfly o.l. forbudt. Nasjonalparkstyret kan etter søknad gje dispensasjon dersom tiltaket ikkje er til skade verneverdiane. Det er eigne retningsliner for vurdering av søknader om bruk av droner i Reinheimen, der det ikkje blir gjeve dispensasjon til private formål, eller formål med liten nytteverdi. Retningslinene for vurdering av søknader, og oversiktskart som viser områder der bruk av droner er regulert kan du sjå under.

Årsrapport 2021
21.03.2022
Nasjonalparkstyret for Reinheimen sin årsrapport for 2021 er lagt ut her: Årsrapport 2021 Årsrapporten gir ei framstilling av nasjonalparkstyret for Reinheimen sitt arbeid i 2021.