Brukarundersøking i Reinheimen 2022
I sommar blir det gjennomført ei brukarundersøking i Reinheimen. Det er sett ut 20 svarkasser langs turstigar og innfallsportar kring heile verneområdet, og vi håpar på å få oppdatert kunnskap om korleis folk bruker områda. Resultata frå undersøkinga skal kunne gje forvaltninga eit betre grunnlag for tilrettelegging i området, og gjennomføre informasjonstiltak. Målet er å gje gode opplevingar utan at det går utover naturverdiane i Reinheimen.


Svarkassene skal stå ute til slutten av september, og er plassert her:
1 Zakariasdammen
2 Muldalsvika
3 Grønningsæter
4 Slettvikane
5 Alnesreset (Skarfjellsenden)
6 Alnesdalen (Mannen) QR
7 Bispevatnet (2 punkt) QR
8 Trollstigplatået QR
9 Kløvstien, nederst i Isterdalen
10 Kløvstien, ved parkering Trollstigfoten
11 Tunga bru
12 Rånå
13 Lordalen - Nysetra
14 Finndalen - Odden
15 Finndalen - Vangen
16 Aursjøen - øst
17 Aursjøen - vest
18 Tronodden, Lom
19 Billingen
20 Tordalen