Meny
Lukk
Foto: Rune Holen - SNO
Natur og kulturlandskap fra lågland til fjell

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde vart verna ved kongeleg resolusjon 9. januar 2009. Landskapsvernområdet er på 394 km2 og ligg i kommunane Gloppen og Sunnfjord.

Besøk nettsida til Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde External link icon

Kort om verneområdet

Landskapsverneområdet er eit variert naturområde med innslag av både villmark og kulturlandskap. Verneområdet går frå omlag 60 meter over havet ved Breimsvatnet og heilt opp til 1572 moh. på Botnafjellet. Innanfor dette spekteret finn vi frodige dalar med stølar og kulturlandskap, brear, steile fjell, fiskevatn, fossar og elvar.

Beitebruk er, og har alltid vore, ein viktig del av Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde og områda ikring. Desse fjellområda er kjende for å ha godt beuite for husdyr, og beitebruken har gjennom lange tider vore med å sette sitt preg på landskapet. Om lag 11.000 beitedyr vert kvart år sleppt inn i og rundt landskapsvernomr¨det.

Dette vakre fjellområde er mykje brukt til frilutsliv, vinter som sommar. Her går fleire merka stiar mellom dei ulike dalføra som går frå låglandet og strekker seg innover verneområdet. Midt inne i verneområdet i vakre omgjevnader, ligg Longevasshytta som er ei sjølvbetjent DNT-hytte. Fleire av dei merka stiane går inn til Langevasshytta.

Området er rikt på vilt og fisk og har vore i alle tider vore nytta til jakt og fiske. Både til matauke og til rekreasjon. Området har til og med sin eigen villreinstamme, som teller ca 80 vinterdyr.